Fredag 14. juni kl 1900: «Klypeløpet»
Garderobar, start, mål, premieutdeling på
Sævareid skule.
Grilling. Du kan ha med eigen grillmat.
Sal av pølser, brus, te, kaffi og is.
Tur eller løp:
Startkontingent kr 20.- Påmelding ved start.
0 – 6 år:
«Skuleplassen Over» 80 m
7 – 11 år:
«Mini-klypen» 1200 m
12 – 103.5 år: «Klypeløpet» 2600 m
Løype: Asfalt, grus og terreng opp til Klype og ned att.
(09.06.13)
Dødsulukke i
sykkelrittet Bergen-Voss
Etne og Klypetussen vart ramma
av ei tragisk hending i dag då Sigbjørn Rafdal omkom i
ei ulukke under sykkelrittet Bergen-Voss.
Les meir (01.06.13)
Postvegmarsjen søndag 2. juni mellom
kl. 10-11
I år er det start i Etne.
Sportsgudsteneste på Varleitet kl. 12
Les meir (28.05.13)
"Klypeløpet"
vert flytt til fredag 14. juni kl 1900. Dette løpet
starta i 1982.
1300 m asfalt, grus og terreng i motbakke opp til Klype
og så same vegen nedatt.
Startpengar kr 20.-. 1. premie kvinner og menn kr 300.-.
Grilling, sal av pølser, is og brus
Garderobar, påmelding Sævareid skule (300 m frå Kyrping
Kro og Bensinstasjon)
- "Skuleplassen Over" for dei under 7 år
- "Miniklypen" 7 - 11 år ca 1100 m
- Diplom til alle
- trekking av premiar på startnummer
- Hestaskokasting?
(27.05.13)
Nutskjema er oppdatert med
Juraskarskjerringa.
(24.05.13)
Trening for nye syklistar
Sykkelgruppa held fram med trening for nye syklistar
søndag 26. mai
kl. 0900
Les meir (24.05.13)
Klypeposten
Nytt nr av Klypeposten er lagt ut. NB stor fil. Kan ta
tid å lasta ned.
Les
meir (16.05.13)
Nutskjema Alle
30
Lenkja til skjema er no i
orden. Klikk på Alle 30 i venstremenyen.
(16.05.13)
Resultat frå Bjørkeklubben
Over er lagt ut.
Resultat (09.05.13)
Resultat frå Trongjo Ned er
lagt ut.
Trongjo Ned vart
arrangert fredag 12. april i godt vér.
Ole Rullestad var førsteman ned, men hardt
pressa av Maryna Novik,
som var kun 2 sek bak.
Ho tok løyperekorden frå Siv Merete Bø med 21
sek.
Alt i alt var det ein flott kveld, med mange
fine personlege duellar.
30 deltakarar i løpsklassen og 38 i turklassen
Neste løp i Klypekarusellen er Bjørkeklubben
Over siste onsdagen i april.
Resultatliste
Biletarkiv |
 |
Oppdatert terminliste er lagt ut.
Les meir
(09.04.13)
Bjørkeklubben Over 24.
april
Onsdag 24. april kl. 19.00 er det tid for Bjørkeklubben
over.
Innbyding (08.04.13)
Trongjo ned 12. april
Fredag 12. april kl. 19.00 er det tid for Trongjo Ned.
Startpengar kr. 20,-
Premie til raskaste kvinne og mann + trekkepremiar.
Maryna Novik (biletet) vann fyrste løp
i Klypetuss-karusellen i 2013. Kan ho, eller nokon andre
slå løyperekorden?
Trongjo Ned er 1635 m nedoverbakke i
svingar frå E 134 ved nedkøyringa til Frette, før det
vert avslutta med om lag 700 m flatt langs
Stordalsvatnet. Ei vakker, familievenleg løype.
Terje Håland konge i Trongjo Ned
På 47 arrangement har Terje Håland vunne
utrulege 22 gonger. Dottera Randi Norheim Håland
har vunne jenteklassen åtte gonger. Begge har hattt
løyperekord, men no er dei overteke av andre.
Les meir
Innbyding (08.04.13)
Giro for medlemskontingent 2013 er
lagt ut.
Du kan lasta ned og skriva han ut.
Hugs å få på kvitteringstrykk.
Ved familiemedlemsskap må du skriva opp alle namna på
fam.medlemmene.
Last ned
(08.04.13)
Hoppcup tysdag 2. april kl. 18.00 på
Sævareid skule
Velkommen til lengde- og
høgde- hopp utan tilløp.
Ta hoppøvinga til idrettsmerket!
Premie til alle under 15 år
Sal av vaflar, kaffi og brus.
Velkomen!
Innbyding (30.03.13=
Trongjo Opp 1. april (2. påskedag)
Turklasse: kl 1300. Løp: kl 1330.
Garderobar, sal av kaffi, te, brus og kaker på Sævareid
skule etter løpet.
TERJE BJØRGEN kjem og viser den flotte "Alle 30- nutane
i Etne"- videoen på skulen ca kl 1415.
Startpengar kr 20.-.
Følg og med på
www.fjorda-alliansen.net , SkånevikNett og Etne
kommune sine heimesider.
Innbyding
(21.03.13)
Årsmøte 15. mars kl. 19.30 på Sævareid skule.
Vanlege årsmøtesaker og bevertning
Du er velkomen til årsmøte i IF Klypetussen.
(01.03.13)
Klypetussen ynskjer
alle medlemmer og samarbeidspartnarar ei
retteleg god hjul og eit godt nyttår.
Les meir
(22.12.12) |
 |
Fjelltoppfest søndag 25. november kl.
14 på Sævareid skule.
Les
meir (23.11.12)
Nutskjema for 2013 er lagt ut.
Les meir
(07.11.12)
Innetrening måndagar kl. 20.00
Satsar på
innetrening på Sævareid Skule, kvar måndag kl 20.00
Basketball til oppvarming, og så sirkeltrening.
Er det nok folk, så avsluttar me med volleyball eller
landhockey.
Det er opent for dei som vil trena i kjellaren, - enkle
spinningsyklar, tredemøller, litt vektløftarutstyr og
roapparat.
Ta kontakt med Olav dersom du har spørsmål. Mob: 932 80
221
(22.10.12)
Resultatliste for Langs Åkrafjorden er
lagt ut
Resultat 2012
Resultat tre beste alle 10 år (17.08.12)
Innbyding til Skånevikstranda Rundt 5. august er
lagt ut.
Løypetraséen er lagt om i år. Start er no flytta attende til starten
dei første åra rittet vart arrangert. Start er no lagt til Tjelmeland.
For meir info klikk på Sykkelgruppa i venstremenyen
(14.07.12)
Minner om Klypeløpet onsdag 30. mai
kl. 19.30
Les meir (29.05.12)
Postvegmarsjen søndag 3. juni - 24. gong.
Start frå Skånevik mellom kl. 10-11. Busstransport frå
Etne.
Les meir (29.05.12)
Resultat Bjørkeklubben over er lagt ut
Les meir (04.05.12)
Resultat
Trongjo ned er lagt ut
Les meir (02.05.12)
Torsdag 3. mai kl 1900: BJØRKEKLUBBEN
OVER.
1269 m. Nede på Frette, og bort over brua til
ungdomshuset.
Nesten heilt flatt på asfalt.
Løp kl 1930.
Startkontingent kr 20.-
(02.05.12)
Resultat for Trongjo Ned 1983 - 2011
er lagt ut.
Les meir (17.04.12)
Nytt nr. av
Klypeposten er lagt ut.
Les
meir (17.04.12)
Minner om Trongjo ned 13. april kl.
1900
Jubileumsløpet Trongjo Opp
vart arrangert 2. april i flott vårver.
Det vart ny
deltakarrekord - 107 deltakarar!
Resultatliste
Bilete |
 |
Terminlista for 2012 er lagt ut
Les meir (30.03.12)
HUMØRLAGET IF KLYPETUSSEN 30 ÅR!
IF Klypetussen er eit
idrettslag, og kva er då meir naturleg enn å feira med
eit jubileumsløp?
Trongjo Opp går for 47. gong måndag 2. april på sjølve
jubileumsdagen. Første start kl. 19.
Dei fyrste åra var det to Trongjo Opp kvart år. Eitt
testløp og eitt kvalifiseringsløp til
Holmenkollstafetten. Difor fleire løp enn år klubben har
eksistert.
Les meir
Innbyding (28.03.12)
KM terrengløp
Stord IL inviterer til KM terrengløp laurdag 24. mars
kl. 13
For påmelding klikk
her.
Les
meir (22.03.12)
Siste nr av Klypeposten er lagt ut
Les
meir (15.02.12)
Egersund
Idrettsklubb innbyr til halvmaraton 3. mars
Les meir (15.02.12)
Minner om hoppcup fredag 10.
februar kl. 18 på Sævareid skule
Les
meir (08.02.12)
Hoppcupen startar opp 2. februar
kl. 18 i Skakkesenteret
Følgjande tre arrangement er sett opp
-
Skakkesenteret torsdag 2.februar kl
18.00 Etne I
- Sævareid skule fredag 10.februar kl
18.00 IF Klypetusse
- Idrettshallen Skånevik torsdag 1. mars kl
18.00 Skånevik IL
Les
meir (31.01.12)
Nutskjema for 2012 er lagt
ut.
Les meir
(24.10.11)
Tilbod om spinning på
treningssenteret
Etne Fysio kjem med tilbod til
sykkelgruppa om spinning to dagar i veka. I tillegg kan
ein gå på andre timar og nytta treningsapparata.
Les meir (22.09.11)
Langs Åkrefjorden
Den etterkvart så populære
Åkrafjorden hadde på laurdag sin årlege
folkevandring,
"Langs Åkrafjorden" vart arrangert.
Dei 11 km frå Tjelmeland til Teigland vart
forsert på sykkelsetet eller med gode sko på
beina.
Heile 241 personar fann vegen langs gamle
Åkrafjordvegen, 3 km opp mot høgaste punktet i
løypa, og nedover igjen til Rafdal.
Les meir
Bilete frå løpet(27.08.11) |
 |
Langs Åkrafjorden
Langs Åkrafjorden laurdag 13. august.
Turgåing og sykkel (kr 100.-): frå kl 1200
Løp (kr 200): kl 1400.
Familie (u/løp): kr 300.-
Krus til alle fem fyrste åra.
Kr 6000.- sponsa av arrangøren og ETNE SPAREBANK trekkast blant alle.
Løype: Gamlevegen frå Kyrping Kro og Bensin 11 km til Åkrafjordtunet.
(07.08.11)
Langfoss Opp
Det var eit perfekt vér for slike motbakkeutskeielsar på laurdag.
Overskya vér og passeleg varmt oppover dei flotte steinsetteliane
langs
ein av verdas flottaste fossefall, Langfoss.
Turklassen kom først oppover, og nytta høvet til å fortsetja inn til
Langfosstølen og grilla før dei tok imot konkurranseløparane på toppen,
655 m.o.h.
Som ifjor, var det Thomas Vestbø frå Vindafjord IL som var raskast
opp
dei 1750 m. Han sette ny løyperekord med 18 sek, til 23.16 min.
Under
minuttet bak kom ungguten Vegard Årthun Bergane og Anders Aukland.
Løyperekord vart også i dameklassen, med fjorårsvinnar, Elin Steinsbø
Fylkesnes,
som persa med 68 sek, til 26.28 min. Margun Eik og Marit
Årthun frå Kvinnherad
tok dei neste plassane.
Alt i alt var det eit flott løp, med masse flotte løparar og turgåarar i
fjellet denne dagen.
Resultat
(27.06.11)
Resultat frå Skånevikstranda Rundt
er lagt ut.
Les meir (19.06.11)
Resultat Trongjo Opp er lagt ut.
Les meir (14.06.11)
Innbyding til Skånevikstranda Rundt 19. juni er lagt ut.
Rittet vert arrangert med både trim- og turklasse.
I trimklassen kan ein velja mellom kort løype - Skånevik - Etne 27 km
eller lang løype -
Skånevik - Etne - Håland 44 km
Turklassen har ei litt lenger løype på 54 km
Les meir (02.06.11)
Resultat
Trongjo Ned er lagt ut.
Les meir
Klypeløpet onsdag 8. juni kl. 19.00
Start ved Sævareid skule
Les meir (07.06.11)
Bjørkeklubben Over 13. mai.
Då er det klart for
Bjørkeklubben over 13. mai kl 19.
Les meir (12.05.11)
Trongjo Ned
I strålande sol og relativt varmt, men med
ein lei motvind fullførte 43 personar Trongjo Ned. Det
46. i rekkja.
Sondre Lauareid Hovda gjorde eit flott løp og vann
guteklassen i det vel 2.2 km lange løpet på 8.53 føre
den gode veteranen Harald Måge og debutanten David
Torson på h.h.v. 9.08 og 9.09.
Joanna Norheim Knutson og Celina Vik Torson gjorde
flotte løp og kom likt over mål på 10.46.
Alle tre fekk skei frå HardangerBestikk i fyrstepremie.
Med dei som var med på funksjonærløp var det i alt 43
deltakarar.
Bilete og resultatliste kjem seinare.
(09.05.11)
Klypekarusellen
Onsdag 4. mai startar Klypekarusellen. Fyrst ut er
TRONGJO OPP.
Møt opp nede på Frette. Frå kl 1900 for gåarar, kl 1930
for løparar.
1750 m på asfalt. 115 m flatt, resten motbakke (derav
namnet) opp Trongabrekko til E-134.
Turkikkert gummiert 8x21 og radio er blant dei fine
trekkepremiane i kvart løp. Berre kr 20 i startpengar.
(04.05.11)
Klypeposten nr. 1/11 er lagt ut.
Les
meir (04.05.11)
Sykling for jenter og gutar
4.-7. klasse.
IF Klypetussen startar opp med
sykkelaktivitetar/trening for jenter og gutar.
Det vert lagt opp til ulike sykkelaktivitetar som:
- gir og bremseteknikk
- balanseøvingar
- leik på sykkelen
Første dagen vil me sjå over syklane med vekt på bremser
og gir.
Treningane vil gå føre seg på område med lite trafikk og
i terrenget.
Treningane vil vera onsdagar kl. 18-19 og første trening
vert onsdag 4. mai på Enge skule.
Det er viktig at du har hjelm. Det kan også vera
lurt å ha med ei drikkeflaske.
Vel møtt til ein kjekk time på sykkelen!
(27.04.11)
Trongjo Ned
Resultat for Trongjo Ned
1983-2010 er lagt ut
Les meir (14.03.11)
|
Hoppcupen startar opp 10. februar: |
|
- Torsdag 10. februar |
kl. 18.00 |
Skånevik idrettshall |
|
|
- Torsdag 17. februar |
kl. 18.00 |
Enge skule, gymsalen |
|
|
- Fredag 25. februar |
kl. 18.00 |
Sævareid skule |
|
|
Les meir (05.02.11. |
|
|
|
Klypeposten
Siste nr. er lagt ut. Sjå venstremeny.
Årsmøte fredag 28. januar kl. 19.30 på Sævareid
skule.
Les meir (26.01.11)
Nutskjema for 2011 er lagt ut
Les meir (08.11.10)
Laban vann Hagenloppet i Skøvde i
Västergötland i Sverige.
30.58 på 10 km terrengløp. Nr 2 og 3 tvillingane Henry
og Peter Gross er gode løparar som hevdar seg i større
løp enn dette. Henry på 2. plass vart fråløpt med 41
sekund.
Neste løp er "Lidingöloppet", største terrengløp i
verda. Det er 30 km.
Konkurranse:
I 2009 hadde Laban 1 time 47 minutt og 55
sekund. Den som kjem nærast tida han får lørdag 25.
september, vinn eit flaxlodd. Er vinnaren i konkurransen
innforbi pluss/minus 60 sekund av tida Laban får, vert
det 3 flaxlodd.
Send forslag til:
egsellev@online.no innan fredag 24.9.
(23.09.10)
Laban Siro frå Kenya - nytt medlem i IFK.
Startnr 19 i Lidingøloppet 2010
heiter Laban Siro. Klubb? IF Klypetussen!!
Lidingøloppet er størstye terrengløp i verda.
Det går i Lidingø rett utanfor Stockholm. Dermed
debuterer Laban for IF Klypetussen! Han heiter
eigentleg Laban Onderi Siro og kjem frå den
fattige Kisii provinssen i Kenya. Han er fødd
28. september 1984.
Han bur og trenar i Ngong 2900 m.o.h. trenaren
hans er assistent til den kenyanske
landslagstrenaren som var trenar for Laban fram
til 2008. Beste pers. 13.48 på 5000 m frå 2008.
Han har 8 løp på 5000 m. Alle mellom 13.48 og
13.55...!
1.04 på halvmaraton. Løyperekord Langs
Åkrafjorden 33.51 på 11 harde km.
(07.09.10) |

Laban vert her ynskt velkomen som
nytt medlem av Olav Samland |
Resultat
frå Osnes rundt er lagt ut.
Les meir (26.08.10)
Hålandshovda É toppen avlyst.
Grunna dårleg vér er Hålandshovda é Toppen diverre
avlyst.
(25.08.10)
Etne IL innbyr til Osnes Rundt søndag 22. august
Les meir (16.08.10)
Langs Åkrafjorden -
resultat løpsklassane
Les meir
Fjordaalliansen (16.08.10)
Langs Åkrafjorden 2010
14. august er ket klart for
Langs Åkrafjorden.
Du kan velja mellom å gå, springa eller sykla.)
Les meir på
Fjordaalliansen (05.08.10)
Resultatliste for
Langfoss Opp er lagt ut.
Les meir Omtale i
Grannar (05.07.10)
Minner om
Postvegmarsjen søndag 6. juni
Les meir (01.06.10)
Minner om
Litledalsvatnet Rundt laurdag 5. juni kl. 15
Det er ei familievenleg løype
som høver for alle aldrar.
Rittet er også fint som oppkøyring til Vårens vakraste
rundtur 12. juni.
Påmelding enten ved e-post til
dagfinn.garnes.johnsen(alfakrøll)gmail.com eller ved
start.
Les meir (24.05.10)
Resultatliste frå
Åkraløpet er lagt ut.
Les
meir (22.05.10)
Resultatliste for Klypeløpet er lagt ut.
Les meir Bilete frå løpet finn du
her (22.05.10) |
 |
Torsdag 20. mai er
det klart for Klypeløpet.
Løpet startar ved
Sævareid Skule, og går gamlevegen opp til Klypetunnelen,
og så nedatt. Underlaget er grus og gras.
Me fyrer opp grillen, så kan du få
grilla medbrakt mat.
Til dei yngste som var med og gjekk
på ski i vinter vil me dela ut premiar. (IFK sine
skirenn)
Me har også fått inn prøvar på IFK
sin nye treningsdrakt. Vil du sjå eller prøva denne, så
møt opp.
Les meir (16.05.10
Langfoss Opp - nytt løp 3. juli.
Påmelding er opna
Les meir (16.05.10)
Resultatliste Bjørkeklubben Over er lagt
ut
Les meir (11.05.10)
IL Solnut innbyr til
Skredløpet 12. juni
Les meir (09.05.10)
Matre IL innbyr til
Åkraløpet 22. mai
Les meir (09.05.10)
Resultatliste for
Trongjo Ned er lagt ut.
Les meir (09.05.10)
Minner om Bjørkeklubben Over onsdag 5. mai
1269 m på flata nede på Frette.
Tur: kl 1900 Løp: kl 1930 Trekking av premiar.
Løypa er flat og fin. Flott
trening til Jentebølgen i Skånevik 29. mai.
Les meir
(02.05.10)
Logokonkurranse nytt løp 3. juli: LANGFOSS
OPP.
Premie kr 500 pluss t-skjorte med logo på. Frist 22. mai.
Info: egsellev@online.no
(02.05.10)
Innbyding til Etneleikane 25. april er
lagt ut.
Les meir
(22.04.10)
LANGFOSS OPP:
NY TILSKIPING ÅKRAFJORDEN 3. JULI
Logokonkurranse.
Les meir
(22.04.10)
Innbyding til Trongjo Ned 24. april er
lagt ut.
Les meir (17.04.10)
Bilete frå Trongjo Opp
Les
meir (11.04.10) |
 |
Resultatliste for Trongjo Opp er lagt ut.
Les meir (10.04.10)
Resultatliste for Etne Tempo er lagt ut.
Les meir. (08.04.10)
Trongjo Opp 9. april
Me minner om Trongjo Opp i dag kl. 19
Les meir (09.04.10)
Etne Tempo
innbyding/påmelding.
Resultt frå hoppcup på Sævareid 11. mars
er lagt ut.
Les meir (21.03.10)
Terrengløpet på Stegaberg er avlyst.
Stegaberg IL melder at terrengløpet diverre må avlysast
grunna mykje snø:
Hoppcup på Sævareid torsdag 11. mars kl.
18.00
Les meir (10.03.10)
Stegaberg IL innbyr
til terrengløp laurdag 13. mars kl. 14.30
Les meir (10.03.10)
Resultatliste frå Tour de Stordalsvatnet
er lagt ut.
Les meir (14.02.10)
SISTE SJANSE TIL Å
VINNA 10 FLAXLODD!
18 FØREHANDSPÅMELDE TIL "LANGS ÅKRAFJORDEN". Ved midnatt går
fristen ut for å vera med i trekkinga av 10 Flaxlodd. Du
finn alt du treng å vita på htttp://www.fjorda-alliansen.net
under "Langs Åkrafjorden". Problem? ring Einar Gisle på:
48602195.
(14.02.10)
Tour de
Stordalsvatnet.
Skirenn på Stordalvatnet søndag 14. februar kl. 12.30
Les meir (11.02.10)
No gjeld det! Langs
Åkrafjorden 2010
Pr i dag er det 16 påmelde. Målet er 23 påmelde til 14.
februar.
Dersom du tenkjer på å vera med, meld deg på innan 14. febr.
og ver med i trekkjinga av 10+ Flaxlodd.
Les meir (11.02.10)
OL-Quiz - frist for
innlevinring laurdag 13. febr. kl. 17.00
Les meir
(11.02.10)
Nuteringar - oppdatering.
Under Nuteringar finn du no oppdaterte statistikkar for
Heimre Sauanuten, Farande Fant og Hålandshovda.
(06.02.10)
Det alt 16 påmelde
til Langs Åkrafjorden 14. august
Les meir (06.02.10)
Grasrotandelen til IF Klypetussen for januar:
kr 3354.- fordelt på 58 personar.
Hoppcup torsdag 4. februar kl. 18 i
Skånevik idrettshall
Les meir (02.02.10)
Minner om årsmøte på Sævareid skule fredag
29. januar kl. 19.30
Les meir (25.01.10)
Gunvald Gundersen
starta i dag der han slapp i fjor,
nemleg å gjennomføra på flott tid i Norgeskarusellen i
maraton i Bergen.
Gunvald - mangeårig IFK'ar gjennomførte halvmaraton i Bergen
på den flotte tida 1.50-28 i det kalde veret på Fana. Han
passerte halvegs altså 10.5 km på 56.02. Det betyr at han
hadde negativ split, nemleg betre siste halvdel - på 54.26.
Han vart totalt nr 44 av i alt 68 deltakarar på menn
halvmaraton. Dei aller, aller fleste foran han var mykje
yngre. Gunvald fyller nemleg 68 år i 2010! Slå den!
(24.01.10)
Flott Quiz-kveld på Sævareid!
Folk kom frå Skånevik,
Etne, Markhus og Rullestad. Dette var særs sosialt
og kjekt!
Stor honnør til Bjørg Marit og Bjarne
Ljusnes som hadde ordna fint til med småbord, varmt
lokale og ikkje minst gode og varierte spørsmål.
Neste kveld er i Grohall i februar.
Les meir (16.01.10) |
 |
Løysing julekryssord.
Her får du løysinga på kryssordet som stod i julenummeret av
klypeposten.
Les meir
(12.01.10)
|
Langs
Åkrafjorden 2010 - Intervju med Roy Kaldheim
Roy Kaldheim har
mange sterke resultat opp gjennom åra og har også
vor på landslaget. Han har alt meldt seg på Langs
Åkrafjorden.
Meld deg på du og.
Her kan du les intervjuet Fjordaalliansen har hatt
med Roy.
Les meir (12.01.10) |
 |
Sluttresultatet for
Grasrotandelen for 2009:
kr 42198.- fordelt på 58 tipparar som har registrert seg for
IF Klypetussen. Fantastisk!
Det er alt 12 nye som har registrert seg i 2010 slik at det
no er registrert 70 tipparar for registrert for IF
Klypetussen!
(08.01.10)
Måndagstreninga på Sævareid
startar opp att 11. januar kl 2000.
Nye er veldig velkomne på treninga.
)08.01.10)
"Alle 30 nutars fest" i Perastovo på
Rullestad fredag 22. januar.
Brev kjem til dei som vert inviterte.
(08.01.10)
"FARANDE FANT" 2010: RAMSVIKEGRØNNUT (906
m.o.h.)
Nuten har ikkje fått namn på kartet, men ligg rett vest for
Djupavatnet og nord for austenden av Løkjelsvatnet. Ho står
avmerka med 906 m.o.h., men ikkje namn (førebels).. Fin
skitur...
(08.01.10)
Skirenn 3. januar kl. 13
Møt opp på Lauareidsvingen. Ulike
aktivitetar.
Les meir (31.12.09) |
 |
56 personar har no registrert seg for
Grasrotandelen.
Over kr 41000.- er kome inn pr i dag
27.12. 2009.
Det er enno nokre dagar til å
registrera seg. På NorKroa og Åkrafjordtunet går det på null
kommaniks om du seier at du vil registrera deg for IF
Klypetussen.
(27.12.09)
Klypeposten er no på nett!
No kan du også lesa klypeposten via nettsida vår.
Les meir
(21.12.09)
Juleavslutning på treninga måndag
21. des.
Graut, gløgg og ljosbilete
etter treninga, som byrja kl. 20.
Høve til å dusja.
God jul til alle!
(18.12.09) |
 |
Kjetil Espeland med 4.17.43 på maraton i
Bergen i går!
Kjetil Espeland
spring no for IF Klypetussen. Det gjorde han og i går i
Maratonkarusellen i Bergen. Han kom inn på tida 4.17.43. Med
det vart han nr 53 av 64, uansett klasse. Som dei fleste
veit er ein maraton 42195 m. Med kaldt og blåsigt ver er det
uansett ein stor prestasjon å gjennomføra. Gunvald
Gundersen løp halvmaraton i same stemne på 1.47.22. Det
er rett bak det beste han har gjort i år. Kjempebra!
Les meir
Resultat (06.12.09)
IF Klypetussen si Juletevling
Les meir
(01.12.09)
Storstilt satsing på
”Langs Åkrafjorden” 2010!
Tilskipinga har bytt helg. Frå og
med 2010 vert det skipa til fyrste laurdag etter
Etnemarknaden. For 2010 vil det seia laurdag 14. august. Det
vert innført pengepremiar for dei tre raskaste kvinnene og
mennene. Arrangørane i Fjorda-alliansen (Fjæra og
Rullestad IL, IF Klypetussen og IL Gro) vil
ha opp deltakartalet også i løpsklassane. Minst ny rekord
(56 deltakarar) på kontrollmålt 11 km.
Les meir (26.11.09)
Boliden vinterkarusell
Måndag 9. november starta Boliden vinterkarusell. Det neste
løpet er 30. november.
Sjå terminlista for heile karusellen.
(10.11.09)
Startet med vår Boliden
vinterkarusell som er den fjerde i rekken og på 1. løp som
gikk mandag kveld deltok Gisle Sellevold. Han har flere
ganger deltatt på vårt tradisjonelle juleløp, som i år er
lørdag 12. desember, og han ønsket at flere fra Klypetussen
kunne delta i karusellen.
Sender på oppfordring fra
Gisle, datoer for de neste løpene, samt reportasje med
resultat og bilder fra mandagens løp. Reportasjen kommer
forhåpentligvis på
kondis.no
|
30.11.09
|
Hordaland
|
Odda
|
Boliden
vinterkarusell, 2. løp
|
4,000 |
| 12.12.09
|
Hordaland
|
Odda
|
Boliden
vinterkarusell, 3. løp (Juleløpet) start kl.16.00
|
4,000
|
| 11.01.10
|
Hordaland
|
Odda
|
Boliden
vinterkarusell, 4. løp
|
4,000
|
| 08.02.10
|
Hordaland
|
Odda
|
Boliden
vinterkarusell, 5. løp
|
4,000
|
| 08.03.10
|
Hordaland
|
Odda
|
Boliden
vinterkarusell, 6. løp
|
4,000
|
Spørjetevling
november - tema matematikk
Les meir
(31.10.09)
”ALLE 30” nutane 2009
- NY REKORD!
Ny sesong startar no. Når dei ulike laga legg ut
ny bok kan du starta på ny sesong. I utgangspunktet startar
”Alle 30” sesongen 1. november og varer til 31. oktober
påfølgjande år.
Les meir (31.10.09)
Kjempeløp av Skjalg Duesund!
I Tysværtrimmen på laurdag sprang Skjalg Duesund 5km i tung
løype i Tysværtrimmen på 19.26. Skjalg fyller 61 fredag 13.
november. Heilt utruleg kor god denne karen er! Også i
Djupadalten veko før sprang han kjempegodt. Elles var det
stor deltaking av IF Klypetussen på begge løp 10 i
Djupadalten og 9 i Tysværtrimmen. Same dag som Tysværtrimmen
var Gunvald Gundersen i Bergen og sprang Halvmaraton på
1.46. Kjempebra prestasjon av 67 åringen! (ser ut som
45...).
(30.10.09)
Nutskjema for 2010 er lagt ut.
Du finn det under nuteringar i venstremenyen.
(30.10.09)
NUTAREBUS IF
KLYPETUSSEN
IF Klypetussen har
rebusbokstav på kvar av dei ni nutabøkene.
Når du går på nutane kan det vera dårleg ver, du er trøytt
og sliten og gløymer å notera bokstaven eller du er ikkje
obs på konkurransen. Her få du alle bokstavane:
N S O J N K I D O Stikkord: resultat av ”Alle 30”….
Har du vore på alle 9 nutapostane til IF Klypetussen denne
sesongen, kan du senda inn løysinga på denne rebusen til:
egsellev(alfakrøll)online.no
(08.10.09)
Spørjetevling oktober
Etter å ha
lege nede nokre månader, er me no attende med spørsmål og
utdeling av Flaxlodd
Les meir (01.10.09)
Resultatliste frå løpeklassane i Langs
Åkrafjorden er lagt ut.
Les meir (06.09.09)
Hugs Hålandshovda é toppen søndag 6.
august kl. 14.
Innbyding (02.09.09)
Friidrettsstemne på Skånevik stadion
fredag 4. sept. kl. 18.
Innbyding (02.09.09)
Langs Åkrafjorden 2009
Laurdag 5. september der det tid for
Langs Åkrafjorden. Første start kl. 12.
Les meir (30.08.09) |
 |
Litledalsvatnet rundt 2009
11 syklistar trassa
regnveret og møtte til start i Litledalen. I det
starten gjekk, letta veret og det var godt sykkelvér
under heile rittet. Det var godt humør blant
syklistane og alle gjorde framifrå innsats.
Les meir (30.08.09) |

Klikk på biletet |