Fjordaposten

Framsida

Nr. 1 2004                                                                                                                                                      

 

Nr 1 desember 2004                                        Aargang 1                                                  Pris kr 0.-

----------------------------------------------------------------------------------------------------------         Toppen

Fjorda-alliansen: (IF Klypetussen, IL Gro & Fjæra og Rullestad IL)

Nokså ansvarleg redaktør: Einar Gisle Sellevold

Bygdatevlingar

2. fredag i januar, februar & mars kl 1930.

14. januar på Sævareid Skule kl 1930.

Kontakt: Bjarne Ljusnes tlf 5375 4422

---------------------------------------------------

11.februar i Grohall, Markhus kl 1930

Kontakt: Lars E. Lundal tlf 5375 4232

---------------------------------------------------

11.mars i Idrettshuset, Fjæra kl 1930

Kontakt: Else Fjæra tlf 5375 4119

---------------------------------------------------

Opplegg

Når du kjem får du utdelt eit loddnummer.

Så trekkjer me lag med om lag 6 personar pr lag (det betyr at alle bidreg med det dei kan, og at du kan koma på vinnarlaget om du ikkje føler deg superflink i alt).

 

Me satsar på å synga eit par allsongar på kvar kveld. Dette skal bli kjempekjekt.

Kvart lag får utdelt same ark med spørsmål om lokalkunne, geografi, historie, musikk, sport og allmennkunne. Så til slutt tel me poeng på kvart lag.

---------------------------------------------------

Same betaling ~ felles premiering

Alle tre bygdene tek kr 40 pr einskild-person og kr 80 pr familie.

Premiering: vinnarlaget får alltid premie.

 

 

I tillegg trekkjer me premiar mellom alle deltakarane.

Nytt i 2005: får du med deg alle 3 tevlingane får du ein turkniv med 13 ulike funksjonar på.

 

"Langs Åkrafjorden" laurdag 28.mai Suksessen held fram!
265 deltakarar i 2003.
337 deltakarar i 2004.
???  deltakarar i 2005.
Gå, ro, sykla eller springa? Her er mange mogelegheiter. Flott premiering, krus til alle, og trekkjepremiar.   
Spørjetevling undervegs.

"Alle 3":

For tredje år på rad har me eit samarbeid med IL Harding og "Blømingsmile" la. 21.mai og Røldal IL og "Røldalsløpet" su. 12.juni. Alle som er med på desse pluss "Langs Åkrafjorden" får ein fin ting frå Hardangerbestikk.

Hardangerbestikk har flotte julegåver…!

Alle er velkomne ~ uansett kor du bur !

Tilskiparar: "Fjorda-alliansen":

(IL GRO, Fjæra og Rullestad IL & IF Klypetussen).