
|
Bord 5 med: Olav Sævareid, Gunnbjørg Ljusnes, Elin Udstuen og Per Henning Sævareid var heilt suverene under quizkveld på Sævareid fredag 15. januar! Dei var i teten heile vegen, men på tema: ”BIL” gjorde dei reint bord og feia dei fem andre laga av banen! |
|
|
Stor honnør til Bjørg Marit og Bjarne Ljusnes som hadde ordna fint til med småbord, varmt lokale og ikkje minst gode og varierte spørsmål. Ikkje veit me, men jammen trur me at dei gode kakene hadde Johanna Ljusnes Åkra stempel på. Dei var i alle høve særs gode!
Folk kom frå Skånevik, Etne, Markhus og Rullestad. Dette var særs sosialt og kjekt!
Neste kveld er i Grohall i februar. Følg med her og i Grannar for ny dato – sannsynlegvis torsdag før OL startar i Vancouver. Men dette er kjekkare…
Einar Gisle Sellevold
|
|