Framsida            Resultatlister       Terminlista

Langs Åkrafjorden  

2008   2007   2006    2005

Langs Åkrefjorden 2011
 
Den etterkvart så populære Åkrafjorden hadde på laurdag sin årlege folkevandring,  "Langs Åkrafjorden" vart arrangert. Dei 11 km frå Tjelmeland til Teigland vart forsert på sykkelsetet eller med gode sko på beina.

Heile 241 personar fann vegen langs gamle Åkrafjordvegen, 3 km opp mot høgaste punktet i løypa, og nedover igjen til Rafdal. Derfrå gjenstod 3 km til mål, og då var mange små fakkelopplyste tunnelar passert. I tillegg til mange blide og nøgde deltakar kunne dei få med seg både fiskeoppdrettsanlegg og strikkhopping langs vegen.

33 av deltakarane fullførte sin kamp mot klokka. Laban Siro frå Kenya sletta sin eigen løyperekord med 16 sek, og fekk god kamp av landsmannen Francis Kipketer Chesumei første halvdel av løpet.

I dameklassen vart det kjempa heilt til siste meter, der Maryna Novik frå Vindafjord IL kom over mål 9 sek før etnejenta Trude Solvi Nordstrøm. Kjersti Fresvik frå Røldal fekk 3. plass.
Resultat        Bilete frå løpet

Langs Åkrafjorden 2010 - Intervju med Roy Kaldheim
Roy Kaldheim  har mange sterke resultat opp gjennom åra og har også vor på landslaget. Han har alt meldt seg på Langs Åkrafjorden.
Meld deg på du og.
Her kan du les intervjuet Fjordaalliansen har hatt med Roy.
Les meir (12.01.10)

Storstilt satsing på ”Langs Åkrafjorden” 2010!
Tilskipinga har bytt helg. Frå og med 2010 vert det skipa til fyrste laurdag etter Etnemarknaden.
For 2010 vil det seia laurdag 14. august. Det vert innført pengepremiar for  dei tre raskaste kvinnene og mennene.
Arrangørane i Fjorda-alliansen
(Fjæra og Rullestad IL, IF Klypetussen og IL Gro) vil ha opp deltakartalet
også i løpsklassane. Minst ny rekord 
(56 deltakarar) på kontrollmålt 11 km.
Les meir (26.11.09)

Langs Åkrafjorden 2008
Det deltok 228, derav 20 som sprang på tid. Omtrent halvparten av alle sykla den 11 km lange turen.
På løpssida, så vart det tungt i varmen. Det var vanskeleg å få gode tider, med opptil 30 varmegrader. Ein av grunnleggjarane av løpet, Jørgen Eljarvik kom fyrst i mål, medan Anne Kleiven frå Skjold var einaste dame som deltok. Kollisjon med Haugesund Halvmaraton på søndagen, er nok litt skuld i at så få løparar deltok.
Mange flotte premiar vart trekte ut, slik at fleire av dei som deltok,  ikkje kom tomhendt heim frå Teigland denne flotte laurdagsettermiddagen.
 Resultatliste (02.01.08)

 

Langs Åkrafjorden 2007
Laurdag 3. juni var det på ny klart for den årvisse turen mellom Tjelmeland og Teigland i Etne. Dei 11 kilometrane langs gamle E-134 vart gjennomført av 310 personar, i lettskya sommarvêr. Dei fleste tok seg fram på sykkel. Forutan geiter og bukkar som har tilhald i terrenget langs vegen, vart det i år registrert ei Tine-ku som gav frå seg Litago-drikka. Dette var på saftstasjonen etter 6 km. I mål hadde Åkrafjorden Oppleving sal av grillmat og diverse andre godsaker. Og i det flotte vêret var det mange som sette seg ned for å nyta innkomsten til dei som streva seg gjennom løypa på tid.

Kjetil Lothe kom først opp den bratte bakken til mål. Nr to totalt vart Miriam Berg Hovda, berre 50 sek bak sin eigen løyperekord frå i fjor. Med gode spekemat-tradisjonar i området så vanka det premiar av det slaget til dei som entra sigerspallen. Og alle oss andre fekk kvar vår kopp med løps-logo.  >>

 

 


Nr to totalt vart Miriam Berg Hovda, berre 50 sek bak sin eigen løyperekord frå i fjor.


Kjetil Lothe kom først opp den bratte bakken til mål.


Den harde stigninga mot mål slit på kreftene.


Miriam Berg Hovda

 

 

Resultat Langs Åkrafjorden: