Framsida


NM-pallen;:
Marthe Katrine Myhre, Vidar tok gullet, føre Elise Selvikvåg Molvik, Stavanger og Maryna Novik, Klypetussen.
Foto: Kjell Vigestad, Kondis

Tok NM-bronse

Maryna Novik med ny sterk prestasjon.

 av Arne Frøkedal

Maryna Novik (32) som representerer IF Klypetussen i Etne, kunne stiga opp på pallen etter NM i halvmaraton. Distanseløparen frå Vikedal kom på fjerdeplass i løpet, men i den norske meisterskapen kom ho inn til tredje plass og bronse.

Novik persa seg skikkeleg under den 21,1 km lange distansen i meisterskapen som gjekk i Knarvik i Nordhordland laurdag. Tida viste 1.23.53, noko som er 3 minutt og 58 sekund i snitt per kilometer. Ho var nesten tre minutt betre enn sin gamle personlege rekord i ei særs tung løype.

Bronsen er den første NM-senior-medaljen nokon frå IF Klypetussen har klart gjennom 33 år.

Løpsglade Novik var ikkje utslått etter den harde halvmaratonen som var ein del av arrangementet KnarvikMila. Dagen etter stilte ho til start i Sluseløpet i Skjoldastraumen i Tysvær. 32-åringen hadde framleis krefter igjen og vann klassen i kjent lettbeint stil.

Tekst og bilete er henta frå www.grannar.no 8. sept. 2014