Rsultatlister Framsida Fjordalangsresultat Klypekarusellen
Fjordalangs 9. juli 2005
|
Sommarsvarmen kom ”Fjordalangs”
Som den faste tradisjonen dei siste åra, går Fjordalangs første helga i fellesferien. Dei 25.820 metrane mellom Skånevik og Etne vert tilbakelagde på grå asfalt, men naturen vekslar frå nyslådd eng, til tett skog og innbydande badestrender i sjøkanten. Denne laurdagen i juli høyrer du fuglakvitring, sauabjøller og bølgeskvulp. Og ikkje å forgløyma dei etterkvart så faste trekkspeltonane når løparane passerar Sandvik, -omtrent halvvegs. Løpstraseen er rett og slett ein nytelse av alt det sansane kan oppdriva langs fjorden.
Årets løp samla 55 løparar, men 3 av dei måtte gi seg før halvegs. Med den sola og varmen som utvikla seg denne dagen så vart det for mange ein prestasjon å fullføra løpet. Med tett oppunder 30 grader og svak medvind langs Etnefjorden tok det hardt på kreftene.
Årets vinnarar vart Tor Gismarvik frå Stegaberg med 1.30.51 t, og Marit Årthun frå GTI-Stavanger (bur på Åkra i Åkrafjorden) med 1.49.53 t. Begge tidene var bra, og dei utklassa konkurrentane. Så ein sjekk frå to lokale bankar fekk dei velfortjent. Til slutt vanka det diplomar, krus, fat og heller i premiar innimellom alle fløytekakene som vart fortært etter løpet.
Fleire biletet finn du her.
|