Rsultatlister Framsida Fjordalangsresultat Klypekarusellen
Fjordalangs 10. juli 2004
|
Sist laurdag sprang 44 løparar gamlevegen mellom Skånevik og Etne. Fjordalangs som løpet heiter, går langs vakker natur med sjø og fjell. Til saman er det 25.820 m å leggja bak seg. Og når været var så perfekt som på laurdag, - overskya, 17 grader og heilt vindstille, så er jo allting bra!
Fyrst i mål kom Etnebu og HIL-løpar Ingemund Askeland på tida 1.30.02. Han var 7 min bak løyperekorden til Knut Erik Rame, men har nok kapasitet til å springa ein del fortare enn han gjorde, etter å ha hatt eit lengre skadeavbrekk tidlegare i år. Wiktor Berg frå Sveio følgde på 2. plass, men var heile 10 min. bak.
Av damene, som talde 6 stk, var det Therese Sjursen frå Haugesund som kom inn på bestetid med 1.51.36.
Etter innkomsten i mål var det kaker å få i Etne Kulturhus. Utdeling av diplomar og premiar vart gjort innimellom kaffislurkane.
Waldemar Olsen frå Sauda fekk utdelt løpets gjævaste premie, som er ei klokke i stein med løpets logo inngravert. Gunnar Vaage frå IL Trio har saman med Gisle Sellevold i arrangørklubben delteke 16 av dei 17 åra løpet har gått. Og det utgjer til saman ein distanse på 41 mil, altså frå Etne til Oslo.
Fleire biletet finn du her.
|