Følg med på
facebook for å vera oppdatert på treningstider.
18. mai var 3 syklistar
frå Klypetussen med i sykkelritt i Vats.
Dei gjorde flott
innsats. Unge Steffen Rafdal på 10 år var med i
sykkelritt for første gong. Han gjorde ein
framifrå innsats. Me håpar dette gav meirsmak.
Resultat Sjå fleire
bilete frå rittet (19.05.13)
Klikk på biletet for å sjå det i full storleik |
 |
Diverse turar i distriktet
Roy Martin Øyjord har laga eit oversyn over fine turar i
distriktet med ulik lengd
Les meir (19.05.13)
Innbydingar til Litledalsvatnet Rundt og Etne Tempo er
lagt ut.
Påmeldingsfristen er 2. juni.
Les meir
(17.05.13)Trening
Trening måndag 20. mai (2.
pinsedag)
Inviterer nye syklistar til å koma på
trening.
Me deler oss i to grupper.
Ei gruppe syklar rolege rundar i Etne der ein kan "hoppa
av" når ein har fått sykla langt nok.
Gruppe to syklar rundt Vikebygd.
Frammøte ved Etne Senter begge grupper kl. 0900
Gruppe to vil vera i Ølen omlag kl. 0930
(17.05.13)
Giro for medlemskontingent 2013 er
lagt ut.
Du kan lasta ned og skriva han ut.
Hugs å få på kvitteringstrykk.
Ved familiemedlemsskap må du skriva opp alle namna på
fam.medlemmene.
Last ned
(08.04.13)
Landevegssykling for born og unge.
Tysdag 9. april startar me opp med landevegstrening for
born og unge frå 6. klasse.
Ein kan bruka både terrengsykkel og landevegssykkel.
Alt etter kor mange som møte, vil me dela opp i grupper.
Det vert ulike aktivitetar på sykkel med hovudvekt på
teknikk og fart.
Du vil også få hjelp til innstilling av sykkelen.
Bremsene på sykkelen må vera i orden.
Me vil halda til på område med lite trafikk.
Hugs hjelm!
Frammøte kl. 18 på Enge skule.
For spørsmål, ta kontakt med Dagfinn på tlf 90671692
(05.04.13)
Fellestreningane ute startar opp att
tysdag 2. april.
Det vert intervalltrening tysdagar og torsdagar kl.
19.30
Langturar av ulik lengd søndagar kl. 09.00
Langturane skal gå føre seg i roleg tempo.
Frammøte alle dagar ved Etne Senter.
Les meir (01.04.13)
Årsmøte 15. mars kl. 19.30 på Sævareid skule.
Vanlege årsmøtesaker og bevertning
Du er velkomen til årsmøte i IF Klypetussen.
(01.03.13)
Medlemsmøte for medlemmer i sykkelgruppa.
Det vert medlemsmøte torsdag 31. januar kl. 19.30
Stad: Enge skule, auditoriet i ungdomsskuebygget.
Påmelding til Dagfinn innan måndag 28. januar.
(25.01.13)
Klypetussen ynskjer alle medlemmer
og samarbeidspartnarar ei retteleg god hjul og eit godt nyttår.
Les meir (22.12.12) |
 |
Noko for teknikktreninga i vinter?
Obs! les åtvaringa i starten av filmen!
Les meir (22.10.12)
Innetrening på Sævareid skule.
Måndagar kl. 20 er det mogeleg å vera med på
innetrening på Sævareid skule.
Les meir. (22.10.12)
Spinning
IF Klypetussen Sykkel har også i år fått
tilbod frå Etne Fysioterapi & Trening om å få nytta spinningssalen til
trening i vinterhalvåret.
Me får nytta spinningssalen tysdagar og torsdagar frå kl 20.00. Me vil
halda på til omlag kl. 21.30. Det vil i hovudsak verta lagt opp til
intervalltrening.
I tillegg til spinninga kan du nytta eg av dei andre tilboda senteret
har.
Pris for perioden 15. okt. til 31. mars er kr. 1999. Det er fri
innmelding. Dette er omlag kr. 100 rimelegare pr. mnd enn standard
medlemsskap. Du må betala heile summen ved påmelding før 15. okt.
Meld frå til Dagfinn innan 10. okt. dersom du er interessert.
Deretter melder du deg på til treningssenteret direkte innan 15.
oktober.
(27.09.12)
Laurdag 18. augst arrangerte CK Haugaland
Tysværrittet.
Frå Klypetussen deltok Angar og Roy Martin.
Dei gjorde ein framifrå innsats.
Resultat
(21.08.12)
 |
Resultatliste for Skånevikstranda Rundt er lagt ut.
Rittet vart arrangert i "ny" løype i år. Rittet
gjekk føre seg utan uhell.
Det var lettskya vér og omlag 16 grader. Ideelt sykkelvér.
Vinnar i kvinneklassen var Cathrine Alfredsen.
Herreklassen vart vunnen av Lars Granberg
Les meir (05.08.12) |
 |
Info til ryttarane om løypa
Les meir (04.08.12)
Startliste pr. 04.08.12.
Det er mogeleg å melda seg på fram til 1/2 time før start.
Det er meldt bra vér, så me reknar med det kjem fleire på rittdagen.
Les meir (04.08.12) Oppdatert kl. 14.
Påmeldingsfrist via Min Idrett (terminlista på
www.syling.no)
Er utvida til 2. august.
Påmelding seinare enn dette må gjerast på
e-post.
(30.07.12)
Kart med profil er lagt ut for Skånevikstranda
Rundt.
Les meir (14.07.12)
Innbyding til Skånevikstranda Rundt 5. august er
lagt ut.
Løypetraséen er lagt om i år. Start er no flytta attende til starten
dei første åra rittet vart arrangert. Start er no lagt til Tjelmeland.
Les meir (05.07.12)
Bilete frå
Litledaslvatnet Rundt og
Etne Tempo er lagt ut.
Les meir (07.06.12) |
 |
Oppdatert
resultatliste for Litledalsvatnet Rundt er lagt ut.
Les meir (21.05.12)
Resultatlister for
Litledalsvatnet Rundt og
Etne Tempo er lagt ut.
(20.05.12)
Oppdaterte
startlister for
Litledalsvatnet Rundt og
Etne Tempo er lagt ut.
Minner om infomøte kl. 09.00 på Enge skule
(19.05.12)
Sykkelritt i Etne 20. mai - ope for gutar og jenter 11-16 år
Me arrangerer tre ritt på søndag. I tillegg til trimrittet, kan gutar og
jenter vera med på det aktive rittet:
Litledalsvatnet Rundt
med start kl. 10 - frammøte ved Enge skule kl. 9
Dei kan også vera med på:
Etne Tempo
med start kl. 15 - frammøte ved Enge gml skule kl. 14.15.
Fint om ein kan melda seg på med e-post til:
dagfinn.garnes.johnsen(alfakrøll)gmail.com
innan laurdag 19. mai, men ein kan også melda seg på ved start inntil
ein time før start.
(18.05.12)
Det vert infomøte for ryttarane på Enge skule kl.
09.00
Der hentar ein også startnr.
Hugs å visa lisens når du hentar startnr.
Me bed om at startkontingent vert betalt når du hentar startnr.
(16.05.12)
Startliste for Litledalsvatnet Rundt er lagt ut.
Det er tenkt å starta to felt.
Felt 1 vert frå M junior til M 45-49
Felt 2 vert M 50 +
Det er tenkt at M 11-12 og M 13-14 startar i lag med felt 2
Les meir (16.05.12)
Startliste for Etne Tempo er lagt ut.
Det kan verta endring i starttidene då det kan koma nokre lokale
rekruttar til.
Les meir (16.05.12)
Startlister for
Litledalvatnet Rundt og Etne Tempo
vert lagt ut onsdag 16. mai.
Det vil vera mogeleg for etterpåmelding fram til 16. mai kl. 16.00
(14.05.12)
Innbyding til Litledalsvatnet Rundt
trimritt er lagt ut
Litledalsvatnet Rundt er fint om
oppkøyring til Vårens vakraste 9.
juni
Les meir (10.05.12)
Kart over
Litledalsvatnet er lagt ut
Les meir (09.05.12)
Innbydingar til:
Litledalsvatnet Rundt og
Etne Tempo er lagt ut.
Merk at Litledalsvatnet Rundt
startar kl. 10.00 og
Etne Tempo startar kl. 15.00
(02.05.12)
Sauda Sykkelklubb inviterer til Haugesund - Sauda 28. mai
Les meir
(09.05.12)
Klypetussen er 30 år måndag 2. april.
Det vert feira med Trongjo Opp kl. 19 og med kaffi og vaflar på Sævareid
skule etterpå.
Sykkelgruppa vert også med og feirar.
Me møtest ved Etne Senter kl. 18 og syklar samla opp til
Lauareidsvingen.
Me tek eit par drag i Trongjo før me syklar ned til Sævareid skule.
Etter litt feiring, syklar me heim att i samla flokk.
Hugs lys på sykkelen.
(30.03.12)
Treng du sykkeldrakt og vest?
Me prøver vestar og tek opp bestilling på bukse, trøye og vest.
Møt fram på Enge skule søndag 4. mars kl. 1930.
Prisar born og unge under 18 år:
Bukse kr. 200
Trøye kr. 200
Vest kr. 250
Prisar: vaksne over 18 år:
Bukse kr. 600
Trøye kr. 600
Vest kr. 700
Kleda er av god kvalitet.
Buksene er selebukser. Me kan også bestilla damebukser utan selar.
Dei kostar kr. 400,- Men me må tinga minst 10 artiklar av kvar sort.
Buksene er det beste Dagfinn har prøvt nokon gong.
Butikkpris på buksene er omlag kr. 1100,-
Høver ikkje tida, ta kontakt med Dagfinn
Takk til sponsorane våre!
Me er takksame for at sponsorane våre: Etne Sparebank, Bike
Brothers, Procon, Sport1 Etne, MCE og SMV er positive til å støtta
sykkelsporten i Etne.
Me førebur no ein ny sesong med auka aktivitet både med lokale
sykkelritt og at medlemmene deltek i sykkelritt utabygds. Dei flotte
draktene våre vil visa
godt att i sykkelfelta. I 2011 har me hatt treningar for born og ungdom.
Me håpar at endå fleire vil prøva seg med sykling i 2012.
(02.02.12)
Godt
nyttår til alle sykkelvener!
Me held frame med fellestreningane tysdagar og søndagar.
Trening tysdag 20.desember
Det vert roleg tur rundt Litledalsvatnet med evt. ei lita ekstrasløyfe
for dei som vil det. Me syklar kontrollert i bakkane og roleg på
flatane. Høver for både terrengsykkel og landevegssykkel.
Frammøte kl. 19.30 ved Etne senter. Hugs lys på sykkelen.
(02.01.12)
Vil du
bli medlem i Kypetussen?
Melder du
deg inn no, får du heile 2012 inkludert i medlemskontingenten som er kr.
100,- for vaksne, kr. 50,- for born og unge (under 19 år) og kr. 200,-
for familie.
Giro kan fo få av Olav Samland eller Dagfinn Garnes-Johnsen, eller du
kan skriva ut denne.
Hugs kvitteringstrykk då me har samarbeidsavtalar.
Les meir (27.11.11)
Samarbeid med Etne Fysio og Trening
Sykkelgruppa i Klypetussen har fått tilbod om å nytta spinningssalen til
eigne treningar. Det vil skje på torsdagar kl. 2000 - 2130.
I tillegg kan ein vera med å alle tilbod på senteret inkl. styrke- sal
og styrkerom. Me satsar på å halda fram med spinninga ut mars. (Litt
avhengig av véret)
For ungdom under 19 år, betaler Klypetussen halve medlemskontingeneten
til Etne Fysio. For prisar sjå
www.etnefysio.no
Du melder deg på direkte til Etne Fysio og seier du er medlem i
Klypetussen.
Les meir.
(27.11.11)
Godt nytt år!
I dag er første dagen i sykkelåret 11/12 og det er tid for å starta opp
att treninga. Me startar med fellestrening på torsdag 3. november. Det
vert roleg tur rundt Litledalsvatnet med evt. ei lita ekstrasløyfe for
dei som vil det. Me syklar kontrollert i bakkane og roleg på flatane.
Høver for både terrengsykkel og landevegssykkel.
Frammøte kl. 19.30 ved Etne senter. Hugs lys på sykkelen.
(02.11.11)
Tilbod om spinning på treningssenteret
Etne Fysio kjem med tilbod til sykkelgruppa om
spinning to dagar i veka. I tillegg kan ein gå på andre timar og nytta
treningsapparata.
Les meir
(22.09.11)
Langs Åkrafjorden
Langs Åkrafjorden laurdag 13. august.
Turgåing og sykkel (kr 100.-): frå kl 1200
Løp (kr 200): kl 1400.
Familie (u/løp): kr 300.-
Krus til alle fem fyrste åra.
Kr 6000.- sponsa av arrangøren og ETNE SPAREBANK trekkast blant alle.
Løype: Gamlevegen frå Kyrping Kro og Bensin 11 km til Åkrafjordtunet.
(07.08.11)
Nye
sykkeldrakter.
Me har fått nye sykkeldrakter.
Me har nokre til overs.
Elles tek me opp ny bestilling når minst 10 melder si
interesse.For vaksne over 18 år kostar dei kr. 600 pr. del - til
saman kr. 1200.
Denne prisen er inkludert 30 % rabatt.
For ungdom /born under 19 år kostar dei kr. 200 pr del - til
saman kr. 400.
Draktene er av svært god kvalitet.
Ta kontakt med Dagfinn om du ynskjer drakt.
(19.07.11) |

Klikk på biletet for å sjå i full storleik |
Bømlo SK innbyr til Siggjorittet - Ope Sunnhordlandsmeisterskap
Søndag 26. juni.
Les meir (23.06.11)
Les reportasje frå Skånevikstranda Rundt i Kondis
Les meir (21.06.11)
Skånevikstranda Rundt vart arrangert i fint sykkelvér.
Lettskya vér og 18 grader. Ideelt for sykling. I tillegg var det
vindstille i starten og god medvind innover Etnefjorden. Tida i dag var
også omlag 14 min betre enn i 2007, sist gong rittet vart arrangert.
Arrangementet gjekk utan uhell og alle dei 50 startande kom vel i mål.
Les meir (19.06.11)
Attgløymt hjelm
Det er funne ein attgløymt hjelm og briller etter Skånevikstranda Rundt.
Landevegssykling for ungdom
Me startar no opp med landevegssykling for ungdom i ungdomsskulealder.
I første omgang legg me opp til éi fellestrening i veka. Første trening
vert torsdag 16. juni kl. 18.30-20.00. Frammøte på Enge skule
Les meir (14.06.11)
Tips ved kjøp av ny landevegssykkel.
Når ein skal kjøpa sykkel til syklistar i alderen opp til 18 år, er det
ein del reglar som bestemmer korleis ein sykkel skal vera dersom ein
tenkjer å vera med i sykkelritt.
Les meir (10.06.11)
Det vert oppretta aktive klassar i Skånevikstranda Rundt
for M/K 15-16 slik at det no er mogeleg for denne aldersgruppa å delta.
Hugs at ein må ha aktiv lisens. Elles kan ein løysa eingongs
ungdomslisens ved start.
(10.06.11)
Innbyding til Skånevikstranda Rundt 19. juni er lagt ut.
Rittet vert arrangert med både trim- og turklasse.
I trimklassen kan ein velja mellom kort løype - Skånevik - Etne 27 km
eller lang løype -
Skånevik - Etne - Håland 44 km
Turklassen har ei litt lenger løype på 54 km
Les meir (02.06.11)
CK Haugaland innbyr til
lagtempo i Vats 2. pinsedag.
Det er tre ryttarar på kvart lag.
Les meir (07.06.11)
9 spreke syklistar frå Klypetussen sykla Haugesund - Sauda laurdag.
Alle gjorde ein framifrå innsats! Det dårlege véret gjorde rittet endå
tøffare. til Bg-Voss er det meldt strålande vér, så det kan bli ein fin
tur. Dette var første sykkelritt for fleire av dei. Neste på programmet
er Hårfagrerittet 2. juni, Bergen - Voss 4. juni, Skånevikstranda rundt
19. juni og Odda - Bø 2. juli.
(30.05.11)
Hårfagrerittet inviterer til Barnas Hårfagreritt.
2. juni kl. 09.30 - 11.30
Les meir (23.05.11)
CK Haugaland inviterer til Steinsfjellet opp 12.
mai.
For påmelding klikk
her.
Då er me i gang med syklinga for gutar og jenter.
Det var 4 jenter og 5 gutar på første trening.
Men det er plass til fleire.
Har du lyst til å vera med, møt fram på Enge skule neste onsdag kl. 18.
(04.05.11)
Sykling for jenter og gutar 4.-7. klasse.
IF Klypetussen startar opp med sykkelaktivitetar/trening for jenter
og gutar.
Det vert lagt opp til ulike sykkelaktivitetar som:
- gir og bremseteknikk
- balanseøvingar
- leik på sykkelen
Første dagen vil me sjå over syklane med vekt på bremser og gir.
Treningane vil gå føre seg på område med lite trafikk og i terrenget.
Treningane vil vera onsdagar kl. 18-19 og første trening vert onsdag 4.
mai på Enge skule.
Det er viktig at du har hjelm. Det kan også vera lurt å ha med ei
drikkeflaske.
Vel møtt til ein kjekk time på sykkelen!
(27.04.11)
CK Haugaland innbyr til sykkelrittet Sør-Karmøy
Rundt 6. mai
Påmelding (28.04.11)
Nokre bilete frå Etne Tempo er lagt ut.
Les
meir (21.04.11) |
 |
ASTRIK inviterer til Askøy sykkelfestival 13.-15.
mai
Les meir (21.04.11)
Sauda Sykkelklubb inviterer til Haugesund-Sauda 28.
mai.
Det er opna for påmelding. Frist for påmelding er 19. mai.
Les meir
(17.04.11)
Resultat for Rådalen Rundt er lagt ut.
Les meir
(10.04.11)
Etne Tempo vart arrangert i eit krevjande vér med
regn og
kraftig vind. ryttarane hadde motvind til
vendemål og medvind attende.
Under dei rådnde forholda gjorde alle ein flott innsats. Beste tid
totalt hadde Tor Olav Gregersen med 14.07. Ei god under rådande forhold.
All honør til ryttarane som deltok.
Resultatliste. (Korrigert 08.04.11)
Startliste for Etne Tempo er lagt ut.
Les meir (05.04.11)
Startliste for Etne Tempo vert lagt ut 5. april om
kvelden.
Starten for Etne Tempo er ved Etne
Lydstudio (Enge gml. skule)
Når ein kjem aust i frå, tek ein til høgre ved PRIX midt i sentrum.
Køyr 1 km bortover flaten forbi Etne kulturhus (no byggjeplass). Det er
parkering utanfor Etne Lydstudio.
Påmeldingsfristen til Etne Tempo er utsett til 4.
april.
Innbyding til Etne Tempo 7. april er lagt ut.
Les meir (20.03.11)
Årsmøte fredag 28. januar kl. 19.30 på Sævareid skule.
Les meir
(26.01.11)
Bli medlem i IF Klypetussen Sykkel.
Du kan gjerne vera medlem i anna idrettslag og samstundes vera medlem i
sykkelgruppa i IF Klypetussen. Ved å vera medlem i IFK får du m.a.:
- Treningsfellesskap - For tida har me to fellestreningar i veka.
- Treningsrettleiing - Om du ynskjer det, kan du få rettleiing av trenar
utdanna
gjennom sykleforbundet.
- Ved å vera medlem i klubb, som er medlem i sykleforbundet, kan du
løysa
heilårslisens. Då er du m.a. forsikra under trening. Du treng heller
ikkje løysa
eingongslisens dersom du ynskjer vera med i sykkelritt.
Medlemskontingeneten er for tida kr. 100,- pr. år. Melder du deg inn
no, får du resten av 2010 gratis.
Giro kan du lasta ned frå denne sida,
eller be Dagfinn om giro.
Velkomen som medlem i IFK Sykkel
(18.09.10)
|
Trening veke 48 |
|
|
Torsdag 2. des. |
Slik vérmeldinga er pr. i dag, ser det ut til å bli for kaldt
til utesykling.
|
|
Søndag 5. des. |
Slik vérmeldinga er pr. i dag, ser det ut til å bli for kaldt
til utesykling.
|
Medlemsmøte i sykkelgruppa onsdag 17. november kl.
19.30
Det vert møte for alle medlemmer og potensielle medlemmer i Klypetussen
Sykkel.
Ting me vil ta opp:
- Litt om treningsprinsipp
- Vedlikehald og innstilling av sykkel
- Treningane framover
- Tankar om sesongen 2011
Ritt det kan vera aktuelt å vera med på som lag.
Ritt i Etne og på Haugalandet.
- Avtale med sykkelbutikk
- Sykkeldrakt
- m.m.
(15.11.10)
KM-felles - resultat
Les meir
(19.09.10)
KM-tempo - resultat
Les meir
(19.09.10)
Øygarden Sykkelfelstival
Reslutatlister er lagt ut.
Les meir (05.09.10)
Fellestrening 29. august
9 stk på trening i dag.
Me hadde ein fin tur
rundt Sandeid - Blikrabygda. Roleg rulletrening mellom Ølen - Sandeid og
mellom Øvre Vats - Frønsdalskrysset med spurt på slutten. God
treningsøkt.
(29.08.10)
Fellestrening 22. august
9 stk på trening i dag.
Me hadde ein fin tur rundt Sandeid - Blikrabygda. Fekk litt trening i å
liggja på rulla mellom Ølen og Sandeid. Ein liten spurt la me også inn.
Mange var spreke i bakkane. Me samlast att på toppen. God treningsøkt.
(22.08.10)
Klypetussen Sykkel er på facebook.
Her kan du invitera andre til å bli med på treningsturar utanom dei
faste treningane.
Klikk
her for å koma på facebook. Likk på Lik dette for å bli medlem.
(20.08.10)
Intervalltrening 19.08.10
10 syklistar møtte og hadde ei god økt.
Det var overskya og 18 grader. Ideelt vér.
Fekk litt regn på veg heim att.
Roleg langtur på søndag rundt Sandeid.
(19.08.10) |
 |
Då er me ferdige med første veka med fellestrening i Etne.
Det har vore godt frammøte.
Kjekt å vera ein gjeng som kan trena i lag.
Me held fram med to treningar pr. veke. Veke 33 vert lik førre veke.
(17.08.10)
|
Trening veke 33 |
|
|
Torsdag 19. august - |
Bakkeintervall i Hårlandsbakken (Litledalen)
Me syklar 4 * 5 min. Trillar ned i pausen.
Viktig at intensiteten ikkje er høgare enn at du greier siste
drag like bra som første.
Frammøte ved Etne senter kl. 19.30
|
|
Søndag 22. august - |
Roleg langtur rundt Sandeid - Vats - Blikrabygda - Etne omlag
2,5 - 3 timar
Frammøte kl. 9 Ved Etne senter. |
Resultat for Tysværrittet er lagt ut.
Les meir
(09.08.10)
Resultatfor Stord Rundt er lagt ut.
Les
meir (09.08.10)
Sykkeltrening
Me startar opp med sykkeltrening søndag 8. august kl. 900
Frammøte ved Etne Senter.
Det vert roleg langtur på omlag 2 timar i pratetempo.
Planen er å få til 2 økter pr. veke. Ein roleg tur på søndagar og ei
intervallprega økt på torsdagar på halvannan time frå kl. 1930
Treningane vil gå føre seg på landeveg, men ein kan godt bruka
terrengsykkel.
Alle som vil vera med, er velkomne.
(03.08.10)
Langs Åkrafjorden 2010
14. august er ket klart for Langs
Åkrafjorden.
Du kan velja mellom å gå, springa eller
sykla.
Løypa er 11 km og går i naturskjønne omgjevnader på gamlevegen.
Les meir på
Fjordaalliansen (05.08.10)
Askøy Sykkel og Triatlonklubb innbyr
til Bergheim Opp 17. august.
Les meir (04.08.10)
Bergen CK innbyr til Bontveit Tempo 24. august
Les meir (04.08.10)
Nymark innbyr til Munkebotn Opp 14. september
Les meir (04.08.10)
Litledalsvatnet Rundt - resultat.
Rittet vart arrangert i fint ver med
18 grader.
Alt låg til rette for eit fint arrangement og me håpa på mange
deltakarar.
Diverre glimra mange med sitt fråver.
Sju sykistar møtte opp og fekk nokre fine rundar rundt
Litledalsvatnet.
Alle gjorde framifrå innsats.
Resultat (06.06.10) |
 |
Minner om Litledalsvatnet Rundt laurdag 5. juni kl.
15
Det er ei familievenleg løype som høver for
alle aldrar.
Rittet er også fint som oppkøyring til Vårens vakraste rundtur 12. juni.
Påmelding enten ved e-post til
dagfinn.garnes.johnsen(alfakrøll)gmail.com eller ved start.
Les meir (24.05.10)
Vindafjord SK innbyr til lagtempo onsdag 26. mai
Les
meir (20.05.10)
Sauda SK innbyr til Haugesund - Sauda 29. mai
Les meir (19.05.10)
Bømlo SK.. innbyr til Siggjorittet)
Open Sunnhordlandsmeisterskap 27.06.10
Les meir (19.05.10)
Resultat Steinsfjellet Opp 6. mai
Les meir (08.05.10)
Resultatlister for Sotra Mila og Rådalen Rundt er
lagt ut.
Les meir
(19.04.10)
Resultatliste for Etne Tempo er lagt ut.
Les meir. (08.04.10)
Etne Tempo
startliste.
Det vil vera garderobe på Enge skule etter rittet.
Parkering på plassen framfor gml.skulen ved start.
Der vil det også vera mogeleg å varma opp på rulle.
(07.04.10)
Etne Tempo
innbyding/påmelding.
Etne Tempo - Girkontroll
Det vert girkontroll under Etne Tempo for klassane M/K 11-16 og M/K
junior.
Dersom du er usikker på utveksling for dei ulike klassane, ta kontakt på
førehand.
(28.03.10)
Etne Tempo og Litledalsvatnet er flytta
p.g.a kollisjon med andre arrangment.
- Etne Tempo vert arrangert torsdag 8.
april kl. 19.00
- Litledalsvtneet Rundt vert arrangert
laurdag 5. juni kl. 15.00
(25.03.10)
|
Hårfagrerittet - nytt sykkelritt på Haugalandet.
17. april vert Hårfagrerittet arrangert. Rittet går frå Kårstø til
Haraldshallen i Haugesund, 53 km. Traseen er lettsykla og høver for
alle.
Les meir (10.03.10)
Juleavslutning på treninga måndag 21. des.
Graut, gløgg og ljosbilete etter
treninga, som byrja kl. 20.
Høve til å dusja.
God jul til alle!
(18.12.09) |
 |
Resultat frå Fanahytten Opp
Les meir
(26.09.09)
Resultat frå KM tempo og felles
Les meir (20.09.09)
Litledalsvatnet rundt 2009
11 syklistar trassa regnveret og møtte
til start i Litledalen. I det starten gjekk, letta veret og det
var godt sykkelvér under heile rittet. Det var godt humør blant
syklistane og alle gjorde framifrå innsats.
Rittet vart arrangert for første gong i år. Her kan ein sjølv
velja farten.Etter at kommunen |

Klikk på biletet (Sigbjørn Rafdal var ikkje
tilstades på biletet)
|
asfalterte på sørsida av vatnet, har dette vorte
ei fin tur- og treningsløype for mange. Då det er lite trafikk,
eignar løypa seg godt for barnefamiliar.
Me vonar fleire vil vera med neste år.
Resultat (30.08.09) |
Oppdatert innbyding til Litledalsvatnet Rundt
Innbyding (22.08.09)
Litledalsvatnet Rundt 30/8 er eit nytt sykkelritt i
Etne.
Rittet går i ei lettsykla løype rundt
Litledalsvatnet. Ein kan sjølv velja om ein vil sykla 1, 2 eller 3
rundar.
Rittet vert arrangert som trimritt utan tidtaking.
start og innkomst er ved kraftstasjonen i Litledalen.
Les meir i
innbydinga (18.08.09)