Nordfjellet - Farande Fant - Heimre Sauanuten
Frå Grønstad skule over den gamle steinbrua over Lurasund, 7.5 vakre km
til Håheim. (Obs! bompengar kr 45).
Ovom dei 3 gardane ca 500 m er det rikeleg med parkering.
Feiensteidn og varpasteidn
Derifrå går du opp god sti og litt oppe i lia går du ved sida av ein
stor stein: Fegensteinen (utalast feiensteidn). Her seiest det at ei
budeie fekk ein bjørn etter seg på stølen og vart feien då ho berga seg
opp på steinen. Herfrå fekk ho hoija etter hjelp frå bygda. Nesten oppe
i skaret passerer du ein stein med mykje småstein oppå. Det er
varpasteinen.Ville du ha fiskelukka i fjellvatna, måtte du kasta ein
stein oppå varpasteidn å få han til å ligga oppå. Ved leet i Håheimskar
etter ca 30 minutt tek du opp til venstre og passerer to hytter på
Kvamsstøl. Her har du Kvamsstølsvatnet på høgre side og Kvamsgrønuten
rett fram. Du går rett opp lia med Kvamsgrønuten til høgre. Etter 200 m
rett fram ser du varden på Nordfjellet rett i sør. Herfrå ca ein
halvtime opp til varden.
Håheimsstøl av det vakraste me har i Etne
Gå ned rett sør frå nuten, då vil du koma rett på løypa til Haugesund
Turistforening Løkjelvatn (som du ser i vest) og Storavassbu.
Håheimsstølen er som ein romantisk levning, både plassering og
byggeskikk frå forne tider. Her er flott å ta matpause. Du har no gått i
ca 2 timar. Så følgjer du Ht sine merke til Flåtevatn.
"Farande Fant" ny stad kvart år
Her ved utløpet av Flåtevatn har IF Klypetussen ei bok som vert kalla
"Farande Fant". Denne og Nordfjellet inngår i "Alle 30" eit samarbeid
mellom dei fire idrettslaga i Etne. Skjema for "Alle 30" finn du m.a. på
www.klypetussen.no. "Farande Fant" er den einaste boka som vert flytta
til ulike nutpostar kvart år. Fram til 31. oktober 2009 vil denne vera
ved Flåtevatn 450 m.o.h. Frå Flåtevatn følgjer du HT-merking til
Storavassbu, der du kan overnatta. Du har no gått i 5 - 6 timar
inkludert rimelege pausar. Frå Storavassbu kan du følgja HT-merking til
Feto og ta vegen mot Blomstølen. Før Ingebørvatna kan du følgja
gulmerking til Heimre Sauanuten (1176 m.o.h.) høgste nuten i "Alle 30" -
opplegget. Herfrå følgjer du gulmerking ned til Ingebørvatna og du har
ca 2 timar vidare til Blomstølen på HT-merka sti eller 2 -3 t ned til
Øyno.
Skyss?
Treng du skyss attende til Håheim kan du ringa 4860 2195 Gisle
Sellevold. Har me mogelegheit skal me hjelpa deg. GOD TUR!
|