Arkiv
Arkiv 2006
Arkiv 2005
Arkiv 2004
|
Etne Løpsfestival laurdag 11. juli
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Litledalsvatnet Rundt
30/8 er eit nytt sykkelritt i Etne.
Rittet går i ei lettsykla løype
rundt Litledalsvatnet. Ein kan sjølv velja om ein vil sykla
1, 2 eller 3 rundar.
For påmelding send e-post til:
dagfinn.garnes.johnsen(alfakrøll)gmail.com
Les meir (18.08.09)
Etne IL innbyr til Osnes Rundt søndag 23. august.
IFK oppfordrar medlemmen
til å delta.
(18.08.09)
Les
meir om Etne Løpsfestival
her.
(16.07.09)
Sjå
bilete frå Etne Løpsfestival.
Les meir
(13.07.09)
Etne Løpsfestival vart ein suksess med 260 deltakarar.
Me i Etne
Løpsfestival vil takka alle som deltok på dei ulike løpa i
Etne laurdag 11. juli. Me hadde ca 160 førehandspåmeldte, og
rekna ikkje med at det skulle koma så veldig mange på
løpsdagen. Men hadde håpa å nå oppi 200 løparar. Nå enda me
på ca 260 løparar, og det var utruleg kjekt!
Les meir - Les meir i
Grannar og
KONDIS (13.07.09)
Resultatlistene frå Etne Løpsfestival er lagt ut.
Les meir (13.07.09)
Funksjonærløp i dag torsdag 9. juli kl 1900
v/Old River Saloon
(09.07.09)
NB! Oppdaterte starttider Etne Løpsfestival
| Maraton | kl. 12.00 |
| 420 m | kl. 12.30 |
| Halvmaraton | kl. 13.00 |
| 5000 m | kl. 13.15 |
| (08..07.09) |
Etne Løpsfestival
laurdag 11. juli i støtet!
Haugesund IL og IL Skjalg er tett på Matre IL i
kampen om utmerking til den klubb som har flest deltakarar i
Etne Løpsfestival laurdag 11. juli. Eit fint
rosemåla fat til veggen på klubbhuset.
Lagleiarar tel med om dei går/joggar den kortaste distansen
på 420m.Arrangøren IF Klypetussen tel ikkje med i denne
samanheng.
123 deltakarar frå 50 ulike lag er påmelde! Suveren rekord
éi veke før start.
Les
meir (05.07.09)
Juni-konkurranse
vunne av Kjell Håkonsen, Haugesund
Les meir
(03.07.09)
Juli-konkurranse -
tema popmusikk
Les meir
(03.07.09)
Innbyding til Etne
Tempo 20. august er lagt ut.
Les meir på sykkelsida
(02.07.09)
Meld deg på før
midnatt 30. juni!
Me trekkjer festivalpass på
Vikedal Rootsfestival
www.rootsfestival.no der du kan få med deg m.a. Mira
Craig og VAMP.
Vinn éin million…?
I tillegg trekkjer me 4 flaxlodd
blant alle førehandspåmelde om me får 100 førehandspåmelde
innan midnatt tysdag 30. juni. Det er no 97
førehandspåmelde.
(28.06.09)
Funksjonærløp søndag 28. juni kl. 14.00
Oppmøte ved Old River Saloon frå kl. 13.
(27.06.09)
Lise
Lithun GTI vann Bornholm opphald!
Storløpar
Lise Lithun
GTI vann opphald og startkontingent for to under Etape
Bornholm 20. - 24. juli! Dette er ei gåve frå det
fantastiske arrangementet på Bornholm. Tusen takk!
Gratulerer Lise! Gevinsten vann ho ved å
førehandspåmelda seg til
ETNE
LØPSFESTIVAL 11.juli.
Heile 92
er førehandspåmelde.
Les meir (26.06.09)
Meld deg på før 30. juni
og du har sjanse til å vinna festivalpass.
Fram
til 30. juni er alle som har meldt seg på og dei som
melder seg på og betalar innan midtnatt den 30.juni med
i trekkinga av festivalpass på
Vikedal
Rootsfestival.
Der
kan
du mellom anna få med deg konsert med
VAMP.
www.rootsfestival.no
Les meir (26.06.09)
Etne Løpsfestival nærmar seg 100 førehandspåmelde 3 veker før start! Me er komne opp i 92 førehandspåmelde.
Frå Kondis: Rett til
værs: Etne Løpsfestival 11. juli satser stort
Etne Løpsfestival den 11. juli er helt ny av året, men den
bygger på lange tradisjoner. I 21 år har Fjordalangs vært et
populært langløp på 25,8 km i Sunnhordland. Fra i år er det
utvidet til en hel festival og med nye distanser. Både
maraton, halvmaraton, 5 km og et trim/barneløp står på
programmet. Og de som melder seg på innen mandag 22. juni er
med i trekningen av en ukes opphold på Bornholm.
Les meir (23.06.09)
Vikedal Roots Spanderer Festivalpass!
Meld deg på Etne Løpsfestival før
sundag 21. juni og ver med i trekkinga av eit festivalpass
for dei 4 dagane festivalen varer, torsdag 9. til sundag 12.
juli.
Sjå flott program på
www.rootsfestival.no
Trekkinga skjer på måndag 22. juni, men påmeldinga må vera
inne innan sundag kveld 21.6. (17.06.09)
Etne løpsfestival for skuleelevar
Den klassen med
med over 15 elevar som har størst %
fullførande, vinn kr 1000. Meld deg på og ver med!
Les
meir (14.06.09)
Vinn Bornholmpakke verdi kr. 5000,-
Les meir (14.06.09)
![]()
Suksess for grasrotandelen!
IFK har fått god utteljing frå
grarotandelen.
Les meir (08.06.09)
JUNI-QUIZ: ~ Tema: fuglar i Noreg ~
Les meir
(08.06.09)
Påmelding til Etne løpsfestival
kan no gjerast ved på klikka på påmelding over.
(28.05.09)
Påmelding til Etne løpsfestival
må inntil vidare gjerast pr.
e-post.
Me arbeider med å få på plass online påmelding.
(22.05.09)
Førehandspåmelding
Frist for førehandspåmelding med sjanse til å vinna tur til
Bornholm
er utsett til 10. juni
(22.05.09)
Klypeløpet onsdag 20. mai kl. 19
Les meir (18.05.09)
|
Klypetuss-karusellen rullar vidare -
Bjørkeklubben Over Surt ver , men flott deltaking! Nede på sletta ved Stordalsvatnet er det kontrollmålt 1269 m frå sletta byrjar i Lundavågen og til Ungdomshuset på Frette. Denne torsdagen var det skikkeleg surt ver med hagl før start, men folk møtte opp. I alt 53 deltakarar. 14 løparar frå 5 ulike idrettslag og heile 39 turgåarar. Les meir Resultat Klypekarusellen (09.05.09) |
|
Resultat for Bjørkeklubben Over er lagt
ut.
Innbyding til Bjørkeklubben over - 7. mai er lagt ut.
Les meir (05.05.09)
Etneleikane er flytta til søndag 10. mai
kl. 13.00
(05.05.09)
Resultat Trongjo Ned er lagt ut
Les meir
(04.05.09)
IF KLYPETUSSEN MAI-QUIZ
Spørsmåla finn du
her (30.04.09)
IF KLYPETUSSEN APRIL-QUIZ
Paul Tungesvik vann flaxlodd for fyrste mottekne
svar 26.
Fleire svar er komne inn alt. Send inn – send inn!
(Du finn alle svar på heimesida vår). (28.04.09)
IF KLYPETUSSEN APRIL-QUIZ
De som
har flest rette er med i trekkinga av minst eitt flaxlodd.
Over 15 svar: to flaxlodd – over 30 svar - tre flaxlodd.
Fyrste innsendar uansett kor mange korrekte svar, får eit
flaxlodd. Hugs namn, adresse og helst telefonnr
Les
meir (23.04.09)
Etne Løpsfestival:
Lokalavisa vår – Grannar – ny sponsor på 5 km i Etne
Løpsfestival
www.grannar.no Fyrstepremie for kvinner og for menn på
5 km er kr 1000.-. Grannar sponsar desse premiane. IF
Klypetussen sponsar medalje til samtlege deltakarar.
Startpengar er berre kr 75.-.
Les meir
(22.04.09)
Etne Løpsfestival:
Løypene er no kontrollmålte og oppmerka!
Sjå løypekarakteristikk.
Spesialtilbod sundag 19. april kl 1430: Løp gjennom
halvmaratonløypa med guide! Gratis! Start og mål ved Old
River Saloon. Meld deg på innan laurdag 18. april til
telefon 47339600 Gisle Sellevold.
(10.04.09)
Minner om Trongjo Ned torsdag 16. april
Innbyding (08.04.09)
|
Stor oppgang i
Trongjo Opp |
Eit knippe turgåarar Klar for motbakken |
Terminlista for 2009 er lagt ut.
Les
meir. (17.03.09)
Turframlegg 4 - Juvbru - Tausamyro -
Jettegrytenuten
Les meir (13.03.09)
Turframlegg 3 - Heggelinuten -
Leknesnepo - Kyrkjesteinen
Les meir.
(08.03.09)
Oppdatert nut-skjema er lagt ut.
Det hadde snike seg inn eit par
feil. Klikk i venstrmenyen.
(05.02.09)
Hoppcup-en byrjar førstkomande fredag
Årsmøte 2009
IFK kallar inn til årsmøte fredag 30. januar kl.19.30 på
Sævareid skule.
Les meir (19.01.09)
|
IF Klypetussen
ynskjer alle medlemmer ei god jul og eit godt nytt idrettsår! |
![]() |
Turforslag - Høylandsnuten - Lysenuten -
Steinfjellet.
Les meir.
(07.12.08)
Nutskjema - korrigering.
Nytt skjema finn du i venstremenyen.
(07.12.08)
IF
Klypetussen trenar kvar måndag på Sævareid Skule.
Kvar måndag kl 1900 er det trening for ungar
1. - 5. klasse i gymsalen på Sævareid Skule.
Kl 2000 er det trening for vaksne frå 6. klasse og oppover.
Obs! måndag 1.desember: fyrst vanleg trening
(stasjonstrening), deretter høve til ein god dusj.
Så er
alle inviterte til brus, kaffi, te, vaflar og gamle
ljosbilete i varm skulestove. Gratis!
Les meir (27.11.08)
Nuteringar Heimre Sauanuten er oppdatert.
Klikk nuteringar i venstremenyen.
(26.11.08)
Stem IF Klypetussen inn på topp på "Klubben i mitt hjarta"!
Leif Halleland, IF Klypetussen
vann Jessheim Vintermaraton klasse 65 - 69 år.
Det var åtte
deltakarar i klassen. sju fullførte og Leif var heilt suveren.
Les meir på Kondis.no
Resultatliste (18.11.08)
Nutskjema
- nytt info tlf.nr. Oppdatert skjema kan lastast ned.
(08.11.08)
Enda to klarte "Alle 30"!
Erling Askeland og Leif Halleland klarte "Alle 30" nutane i Etne
kommune.
Dermed er det heile 14 som har klart å disponera tida
si til å få med seg desse opplevingane.
Dette er ny rekord. Den
gamle var 10 personar i 2006. I 2007 var det 9. (08.11.08)
Rett nutskjema er lagt ut.
(28.10.08)
Diverre feil i nutskjema - Rett skjema vert lagt ut med det første.
Turforslag alle 30 - ny lenkje i venstremenyen.
Ved å klikka på turforslag
i venstremenyen, vil du få opp ulike turforslag til nutane i
Alle 30. Her vil koma fleire forslag etterkvart. (26.10.08)
Nutskjema for 2009 er lagt ut.
Klikk på nuteringar i venstremenyen. (23.10.08)
Kanonløp av Skjalg Duesund i Bergen.
Torsdag 13. november fyller ein av IF Klypetussens mest
trufaste, SKJALG DUESUND 60 år.
Det ser ikkje ut til å plaga han
det minste. Laurdag 18. oktober sprang han halvmaraton i
skikkeleg surt ver
på 1 time 29 minutt og 47 sekund. Dette er
det fortaste han har sprunge på lenge. (13.10.08)
Når Leif blir 66, då gjer han som han vil....
Leif Halleland sprang sin maraton nr 51 i det same stemnet,
nemleg maratonkarusellen. 42195m på 4 timar og 6 minutt.
Veldig
sterkt av Leif !
(23.10.08)
Me gløymer heller ikkje Gunvald Gundersen
- også ein av dei trufaste klypetussane. 1 time 46 minutt på
halvmaraton. Godt levert i klassen 65-69 år. (23.10.08)
MÅNDAGSTRENINGA STARTAR OPP ATT!
I går kl 1900 starta treninga for dei minste -opp til og med 5.
klasse.
Kor? På Sævareid Skule.
Dette er Allidrettstrening og skal vera kjekt.
Trenarar: Kjell Magne Hegerland og Olav Samland.
Kl 2000: er det trening for dei vaksne.
1) startar med 15 min basketball
2) 45 min stasjonstrening for trening av ulike muskelgrupper til
musikk
3) uttøying
4) volleyball/innebandy alt etter kor mange me er.
(14.10.08)
Det strøymer på med "nutistar" som
har greidd alle 30.
Les
meir. (10.10.08)
Leif runda 50 i storform!
Leif Halleland var i Oslo i helga og sprang sin 50. marathon.
Han sprang for første gang på lenge under fire timar: 3.57.
Med
det vart han nr 3 av 16 i klassen 65 - 69 år. Gratulerer Leif!
50 løp på 42195 meter i godt vaksen alder.
Ikkje brote eit
einaste maratonløp han har stilt opp i. Han é råe!
(05.10.08)
God innsats i Berlin!
Som me har skrive på denne sida skulle Tobias Nieber ned til
Berlin og representera IF Klypetussen.
Solid framgong frå
Stavanger Marathon på begge to: Per Rune klarte 3 timar og 53
minutt 55 sekund og Tobias 3 timar og 44 minutt.
Flott levert gutar!
(05.10.08)
Skjalg Duesund klarte "Alle 30"!
Enno ein har klart "Alle 30 nutane i Etne" på ein sesong. På
sundag klarte evigunge Skjalg Duesund den siste av dei 30
nutane,
Ljusneshovda. Det blir folksomt på festen 9.januar.
(05.10.08)
Klypetussar spring maraton i Berlin.
Etter å ha "varma opp" med Stavanger Maraton for nokre veker
sidan gjer Tobias Nieber og Per Rune Kolås seg klare
for å
springa Berlin Marathon på laurdag fyrstkomande. Det er rekna
som ein av dei raskaste maraton-løypene i verda,
så det vert
spennande å sjå om tidene frå Stavanger vert betra. Per Rune
sprang nokre maraton for fleire år sidan,
men så vidt me veit er
det nett no Tobias har gått laus på dei klassiske 42195 metrane
som ein maraton er.
Me er spente, og ynskjer dei lukke til.
Av: Gisle Sellevold (med 2 timar 51minutt på maraton den gong
han sprang for Jotun IL for 20 kg sidan).
(26.09.08)
Harald Måge klarte "Alle 30"!
Harald Måge vert 17. mann som har klart "Alle 30". Sundag var
han på Lysenuten og hadde dermed nutert seg
på alle nutpostane i
Etne med bøker som er med i Etne IL, Fjæra og Rullestad IL,
Skånevik IL og IF Klypetussen sine bøker.
Well done, Harald!
Siste frist for å oppnå "ALLE 30 NUTANE I ETNE" for sesongen
2007 - 2008 er nutering i alle tretti bøkene innan 31. oktober.
Skjema finn du her i venstremenyen til IF Klypetussen. Skjema
for neste sesong vert om lag identisk med årets,
og du kan
starta med ein gong bøkene er skifta ut. Etne IL er fyrst ut med
bokbyte siste helg i september.
Utmerking og gratis kanonfest for dei som klarer alle 30 pluss
nokre spesialinviterte vert fredag 9. januar kl 1930.
(26.09.08)
|
Hålandshovda é toppen - ein
stemningsrapport. Fyrste søndagen i september var det ein sprek gjeng som tok ut over myrane på Hålandsheia, og vidare oppover bratthenget til Hålandshovda. Dei fleste tok den rolege varianten, og rusla roleg oppover bakkane i eit makeleg tempo. Dei fekk med seg både flott natur og dyreliv. Les meir Resultat (23.09.08) |
|
FRIIDRETTSSTEMNE Onsdag 10.sept.
kl 18.00
på Skånevik stadion for heile
familien!
Les meir. (09.09.08)
Klypetussen innbyr til Hålandshovda é toppen
søndag 7. sept.
Les meir. (03.09.08)
Klypetussen innbyr til seriestemne på Etne
stadion
fredag 5. september kl. 18.
Ulike øvingar:
Lengde, 40 m, 60 m, 100 m,3000 m, 5000 m, liten ball, kula,
spyd.
Premie til alle under 15 år. Gratis påmelding.
Les meir. (03.09.08)
Opplevingssommar i Etne Prøv "Alle 30".
Kva er "Alle 30"?
Etne
IL, Fjæra og Rullestad IL, Skånevik IL og IF Klypetussen har
noteringsbøker på 30 postar rundt i den vidstrekte og
spennande
naturen me har rundt oss i Etne. På nuteringsskjemaet du finn i
venstremenyen på IF Klypetussen si heimeside
står heile
opplegget. Fram til litt utpå hausten kan du prøva å få flotte
naturopplevingar i Etnefjella samstundes som du nuterer deg i
skjemaet.
Les meir.
(10.07.08)
Tre ganger Haugesund i Fjordalangs.
|
|
![]() |
|
|
|
||
Resultat Fjordalangs.
Løpet vart avvikla laurdag 28. juni,
med strålande flott ver.
Fyrst i mål var Jabeessaa-Moosisaa frå Haugesund IL, og Hilde
Solland Plassen frå Haugesund Politiet`s Bedriftsidrettslag.
Dennis Fahey frå Invercargill på New Zealand, var på sykkeltur i
Noreg, og tok eit avbrekk i syklinga med 25,82km på beina,
mellom Skånevik og Etne.
Haugesund IL hadde 8 løparar med, og fekk dermed premie for
flest deltakarar. Elles så fekk Kaspar Zwicky frå Haugesund
den
flotte Fjordalangs-klokka for sine 10 år i Fjordalangs. Medan
Gunnar Vaage frå IL Trio toppar lista med 20 av 21 løp i
Fjordalangs.
Dette fekk han ein flott pokal for.
Det er stort sett dei gamle travarane som kjem igjen i løpet.
Men ein del debutantar var likevel.
Les
meir. (29.06.08)
|
Påmelde til Fjordalangs pr.
27.06.08
Innbyding/brosjyre Meld deg på her. (22.06.08) Les meir i Kondis. |
Vinnarane i 2007 Wenche Lægreid Kvaven og Urige Buta |
Resultat Fjordalangs
funksjonærløp 22.06.08
Les
meir. (27.06.08)
Særs gode tider i Fjordalangs!
Rekordane til Urige Buta i Fjordalangs vart sette i 2007.
Løypa er kontrollmålt og godkjent av Kondis og NFIF.
10km med
fleire seige motbakker passerte Urige Arado Buta, Haugesund IL
på 30.59! Halvmaraton på 1.05.14 altså 25 sekund
betre enn NM halmaraton i Fredrikstad i år, der han lenge vart pressa av
sterke Dabaia Dabhaso . Og enno hadde han "Fyttigrisen" igjen,
nemleg dei siste 4.7km inn til Etne Stadion. Rekorden til mange
gonger norsk meister, Knut Erik Rame vart slått med så mykje som
2min og 46 sekund! Ein rekord som Karl Johan Rasmussen hadde
prøvd seg på, men ikkje klart!
Les
meir (26.06.08)
Oppdatering Nutskjema.
Det er gjort ei lita oppdatering
på nutskjema. Det rette skal vera Kyrkjesteinen i Skånevik IL sitt
opplegg. Det er no retta opp.
(22.06.08)
Funksjonærløp Fjordalangs sundag 22.juni
kl 1900
frå Skånevik. Skyss (kr 20) frå
Etne kl 1800 frå mål nede v/Old River Saloon. Skyss attende til Skånevik
(kr 20) etter løpet.
Kven kan vera med? Som andre løp er me relativt fleksible, ikkje berre
funksjonærar, men og andre som måtte vera bortreist på
dagen la. 28.juni
kan få lov til å delta. Har du drikke du vil setja ut i løypa på
førehand, køyrer me gjennom løypa og set det ut på høvelege plassar.
Meld frå til egsellev@online.no om du vil vera med på funksjonærløpet.
(15.06.08)
Resultatliste for Hovlandsnuten Opp
er lagt ut.
Klikk på Resultatlister i venstremenyen. (15.06.08)
Røldalsløpet 8. juni
Skjalg Duesund og Gunnvald Gundersen frå IF Klypetussen vann sine
aldersklassar i Røldalsløpet 8. juni 2008.
For det fekk dei fine premiar
frå HardangerBestikk. I tillegg var Harald Måge og Gisle Sellevold med.
Harald var ein av 5, saman med Gunnvald og Skjalg som fekk premiering
for å ha delteke på "Langs Åkrafjorden",
Blømingsmile og Røldalsløpet.
Skjalg vart rost av speaker for å vera trufast på Røldalsløpet. Han ha
delteke 17 qv 19 gonger!
Tida hans i år var om lag eitt minutt betre enn
i fjor.
Randi Oppheim, Odda IL - ny stjerne
Unge Randi Oppheim frå Odda er ei ny stjerne på løpshimmelen. Ho slo
like godt den gode løyperekorden til Miriam Berg Hovda.
På dei harde
7.5km pressa ho rekorden ned under 30 minutt. Me jobbar aktivt for å få
ho til Fjordalangs lørdag 28.juni.
Det kan bli spennande!
For øvrige fekk me fire nye påmeldingar til Fjordalangs. I tillegg var
det ein som hadde bestemt seg for å stilla opp og
fleire som lurte på
det. Takk til speaker som marknadsførte Fjordalangs på ein fin måte!
Resultat
(10.06.08)
Haugesund halvmaraton 1. juni.
Skjalg Duesund, IF Klypetussen gjorde nok eit godt løp i Haugesund
Halvmaraton. 21097.5m harde meter vart unnagjort
på ca 1time og 33
minutt i klassen 60 - 64 år. Han vert 60 i november. Kjempebra i altfor
varmt ver!
Også Gunnvald Gundersen deltok. Ca 1 time og 52 minutt. Han
spring i klassen 65 - 69 år.
Gunnvald såg for ung ut til å få premie...!
I Røldalsløpet fekk ikkje Gunnvald fyrstepremien i sin klasse fordi dei
ikkje trudde han var over 65 år.
Men han er utruleg nok født i 1942. Ja,
ja slike problem må vel vera lette å bera.
Resultat (10.06.08)
Langs Åkrafjorden |
|
Opplev Gamlevegen som aldri før
Les
meir. (22.05.08)
Fjordalangs laurdag 28.juni kl 1400.
Folk er alt byrja å melda seg på. Meld deg på til IF
Klypetussen konto: Etne Sparebank 3543.27.19365 kr 200.- før 1.
juni. Kr 250.- etter.
Kr 50.- i avslag for medlemmar i Kondis. Kondis har gjeve
Fjordalangs Kvalitetsstatus ein "K".
Me vil gjerne ha: namn,
fødselsår, klubb, kondismedlem. Desse opplysningane kan du senda til:e-post
egsellev@online.no
Innbyding
Matre IL har gleda av å innby til Åkraløpet søndag 11.5.08
Trimklasse startar kl 13.00, konkurranse kl. 14.00.
Løypa er 3,2 km og kupert. Vekselvis grus og asfalt.
God premiering.
Trim kr 50, konk kr 80.
Loddsal og kiosksal.
(08.05.08)
Hugs Trongjo Ned torsdag 17. april kl. 19.
Les
meir. (15.04.08)
Terminlista for 2008 er lagt ut.
(10.04.08)
Fjordalangs laurdag 28. juni kl. 14.00
Les meir.
(27.03.08)
Klypetuss-karusellen startar opp
att torsdag 10.april med Trongjo Opp
Sykla, gå eller springa. Gå frå kl 18.30, sykla: kl. 19.00
Springa kl 1930. Asfalt: 1650m , 115m flatt, 1435m tøff
stigning.
Start v/Stordalsvatnet på Frette. Mål: Lauareidsvingen
E-134. Trekking av premiar.
For sykling meir info
her. (05.04.08)
Fjordalangsmøte 25.04.08 kl. 20.00
Det vert Fjordalangsmøte på Frette etter Bjørkeklubben over.
Alle interesserte er velkomne. Ein vil fordela ansvar og setja
opp
komitéar, økonomi, PR, drikkestasjonar, oppmerking, vakter
m.m.
(05.04.08)
"Langs Åkrafjorden" laurdag 31.mai.
Tilskipar: Fjorda-alliansen (IL Gro, Fjæra og Rullestad IL og
IF Klypetussen). Motto: "For store og små, sykla, springa eller
gå - naturoppleving kan du få".
(05.04.08)
Etnefjellsturen 2008
Etne IL inviterer til Etnefjellstur søndag 2. mars.
Start frå Rødekorshytta frå kl. 09.30.
P.g.a. lite snø er det usikkert kor lang løypa blir. Dette vert
klart laurdag.
(01.03.08)
Hoppcupen tek til i Skånevik idrettshall
fredag 25. januar.
Held så fram på Enge skule 1. febr. og Sævareid skule 8.
februar.
Les
meir. (21.01.08)
Årsmøte 25. januar kl. 19.30 på Sævareid
skulehus
(16.01.08)
Skjema for
nuteringar 2007/2008 er lagt ut.
(16.01.08)
Arkiv 2007
Skånevik IL innbyr til aktivitetsdag søndag
14. okt. kl. 14 på Skånevik kultur- og idrettshall.
Arrangementet er til støtte for TV-aksjonen "Sammen for barn". Kom og ver med på ei sosial, aktiv og hyggjeleg ettermiddagsstund, der heile overskotet går til TV-aksjonen!! Les meir (11.10.07) Resultat Seriestemne på Etne stadion. fredag 7. sept.
kl. 18.00. 25.-26. august var
det krinsmeisterskapi friidrett Resultat Skånevikstranda rundt Nytt motbakkeløp i Etne
FRIIDRETTSSTEMNE fredag 24.aug kl 18
Hugs Hålandshovda é toppen i dag
kl. 14 IF Klypetussen innbyr til
sykkelrittet Ny løyperekord for menn i
Fjordalangs.
Minner om årets Fjordalangs laurdag 7. juli kl 14.00.
Her kan du delta eller rett og slett
heia på løparane.
Klikk her for oppdatert innbyding. (02.07.07) Vannes Strandkaffe.
Skal du besøke Søljenybbo, som
er plassen for Klypetussen Nuterings nut i 2007 (ca 4 km
tur retur frå Indre Vannes ) merka tursti, så kan du ta ein
pust i bakken og få kjøpt både mat og drikke i Vannes. Du
kan også komme sjøvegen, vi har ein liten kai.
Kafèen opna 29 juni og har ope
heile juli.
Velkomne Jon / Harald
(02.07.07)
Skjalg Duesund løp på 39,49 i
Blømingsmila 2007 Langs Åkrafjorden -
Laurdag 2. juni 2007
Terminlista er lagt ut. Klikk
i venstremenyen.
Trongjo Opp går 12. april. Tysværtrimmen 2007 går 10.
mars kl. 10
Skjema for
nuteringar 2006/2007 er lagt ut.
Årsmøte 25. januar kl. 19.30
på Sævareid skule.
I tillegg så vert det ei matøkt
og tid til litt drøs.
|