Fjellgruppa Årsmelding 2003
Årsmelding 2003
|
Året 2003 vart eit godt tur-år med mange deltakarar i IF Klypetussen sitt fjelltoppopplegg. På dei 9 postane har me kunna telja opp i alt 1.726 nuteringar. I forhold til året før er dette ein auke på 257. Størst auke finn me på Hålandshovda der i alt 291 personar har sytt for 420 nuteringar. Med 244 nuteringar i 2002 er dette ein auke på 176. Det er Gisle Sellevold som har slite denne løypa mest med i alt 40 turar. Eit av dei spesielle opplegga på Hålandshovda er 17. mai frukost og løpet Hålandshovda e toppen. Den nuten som hadde størst prosentvis auke i besøk siste året var Skredkollen der 149 nuteringar i 2003 gjev ein prosentvis auke frå året før på 113. Vidar Tjelmeland har besøkt denne nuten mest med sine 13 turar. På Nordfjellet er det ikkje auken på 13 nuteringar som er grunnen til at denne nuten vert nemd, men den realitet at Helene Kvammen også i år sette ny rekord med sine 20 nuteringar her. Farande Fant var i 2003 på Vinjahovda. 63 personar skreiv namnet sitt inn i boka der til saman 108 gonger. Egil Prestegård var der oftast den tida boka låg ute – i alt 13 gonger. Nutisten 2003 vart Arild Jensen med i alt 76 nuteringar. Dei 5 neste med flest nuteringar var Gisle Sellevold, Mona Norheim, Terje Håland, Harald Måge og Egil Prestegård. Turgåarar opplever at det vert stadig enklare å ta seg fram på stiane til dei ulike nutane. Ein gjeng gode Klypetussar har også i året som har gått sytt for rydding og merkjing. Det er særleg på turen til Hålandshovda me har sett den største forbetringa i 2003. Saman med andre gode hjelparar har Harald Måge, Einar Eintveit og Gisle Sellevold vore organisatorar og pådrivarar når det gjeld dette arbeidet. Takk skal dei ha for det. Fjelltoppfesten vart også i år svært vellukka. Gymnastikksalen på Sævareid Skulehus var heilt full då Ståle Tungesvik som festleiar søndag 16. november kunne ønskja velkommen til Stanley Jakobsen, Anne Grete Rullestad og alle dei andre frammøtte. Stanley og Anne Grete sytte for at dei frammøtte ikkje vart skuffa. Fint var det også å sjå og høyra Gunnhild og Mari syngja til oss. Som vanleg var det trufaste klypetussdamer og -menn som sytte for at det var nok graut og fløytekaker til alle. Det mangla heller ikkje i år på utmerkingar. Bente Digernes, Roald Frette Litlehamar og Harald Måge vart tildelt stavar (laga og sponsa av Bastian Bjørnsen) for i 10 år å ha skrive seg inn i bøkene på minst 5 av dei høgaste nutane. Leif Halleland vart tildelt bronsesmykke for 15 års innsats på dei same nutane. Fjellgruppa konstaterer at folk har vore flinke til å nytta seg av verdiane som ligg i det å koma seg til fjells, til tross for at organisasjonsinnsatsen frå gruppa ikkje har vore så stor. Nå ligg eit nytt år og ventar med nye muligheter, og fjellgruppa avsluttar denne årsmeldinga med ei takk til alle som har deltatt på ulike måtar og med ønskje om eit nytt godt fjellår.
Klype, 29. januar 2004
Sigmund Høyland Jon Magnar Jensen Harald Lindevik
|